IMG_1387

Ein eldre cubanar nyt sin sigar i Trinidad.

I Havanna kjenner ein eimen av sigaren viss ein går inn på ein bar. I dei mindre tettstadene på Cuba, der trafikken ikkje er så sterk, kjenner ein også lukta av sigaren ute på gatene. Han vert røykt av gamle som unge, i alle fall dei litt over tenåra. Og av kvinner som menn.

 

Cubarane sjølve er klare over at ein sigar er noko som ein vestleg turist kan tenkje å ta med seg heim. Strengt teke skal sigarar kjøpast i offsielle sigarbutikkar. Dei finn ein på hotella eller i dei større byane. Desse kostar, sjølv om det er langt frå norske prisar.

Illegal handel 

 

Etter kvart som den cubanske økonomien siste åra har vorte svakare, har det dukka opp ein illegal omsetnad av sigarar. Ein turist vert ofte kontakta av sigarseljarar. Det kan skje på gata, eller inne på ein butikk eller ein bar. Jamvel ei dørvakt på eit hotell kan lure seg til å spørje om ein vil kjøpe sigarar, eller han veit om nokon som har.

 ”Hola, where are you from?”

“Noruega”

“Si, Noruega. I have a brother in Oslo. Du you want sigars sir”.

 

Slik kunne ein samtale med ein illegal sigarseljar byrje. Det var faktisk mange sigarseljarar som hadde ein bror eller ei syster i Oslo.......

Turisthandbøker og reiseguidar åtvarar sterkt mot illegal kjøp av sigarar. For det første er det nettopp illegalt, og ein kan hamne i trøbbel – både seljar og kjøpar. For det andre er sjansane store for at sigarane ikkje er ekte. Det er streng kontroll med sigarproduksjonen på Cuba, og sigarar som skal omsetjast har kvalitetsmerke. Mellom anna beltet rundt sigaren med merket innprenta.

IMG_1511

I denne løda vert tobakksplantene tørka.

Hard valuta

Men fleire av dei sigarane som no vert omsette illegalt er like ekte som dei som kan kjøpast i ei offisiell sigarbutikk. Dei tilsette på sigarfabrikkane har fastlønn, men opp på får dei ein akkord. Dei kan velje om dei tek ut denne akkorden i form av lønn eller sigarar. Mange veljer sigarar, for då veit dei at dei kan få inn hard valuta med å vidareselje sigarar til turistar.

Kva gjorde så artikkelforfattaren? Han kan ikkje seie for mykje, anna enn at det vart kjøpt litt av kvart.

Godt handverk

Sigarproduksjonen på Cuba er vest på øya. Det er her jordsmonnet, temperaturen, nedbøren og andre faktorar er dei perfekte for tobakksplanta. Tobakksplantene vert hausta tidleg om hausten, og blada vart tørka.

Tørkeprosessen er godt gammaldags handverk, og det må mykje kunnskap til for å finne dei rette kvalitetane. Ulike delar av planta vert brukte til ulike delar av sluttproduktet.

Under turen var eg innom ein sigarfabrikk. Regimet var strengt. Det var ikkje lov til å ta bilete. ”Leave yor’re camera in the bus,okey”, var meldinga frå guiden under vitjinga til sigarfabrikken.

IMG_1513

Ein sigarfabrikk på Vest-Cuba. Det var strengt forbode å ta bilete innandørs.

Che og Fidel

Inne på fabriken vart det arbeidd i eit stort tempo. Nokre av arbeidarane hadde fyrt ein sigar medan dei arbeidde. Så vert det også sagt at levealderen ikkje er blant dei lengste for dei som arbeider på ein sigarfabrikk.

 

Dei tilsette sat ved langbord og rulla sigarane. Ekte sigarar er handverk tvers igjennom. Det vert ikkje nytta maskinar til anna enn tillaginga av sigarøskjene.

På veggene inne i fabrikken var dei obliagtoriske bileta av Fidel Castro og Che Guevara, og på oppslagstavler var oppbyggjande sitat frå dei to og andre revolusjonsheltane på Cuba. Kor oppbyggjande dette eigentleg er, skal eg kome tilbake til i ein seinare artikkel.

I Noreg går det ein myte om at dei aller beste sigarane er rulla på kvinnelår. Eg skal ikkje avkrefte myten, berre fastslå at det ikkje var noko av den slags på fabrikken følgjet vårt fekk sjå.

IMG_1331

Baren El Floridita. Her vert det røykt sigar.

Det ypparste

Den cubanske guiden som tok oss med på sigarfabrikken, var tydeleg stolt av produktet. Og ikkje minst var ho stolt over at den cubanske sigaren framleis held stillinga som det ypparste av det ypparste.

- Cubanarane som reiste frå øya etter revolusjonen har prøvd å dyrke tobakk både i Florida, i Mexico, Virginia og på Den Dominikanske Republikk. Dei har ikkje greidd å få til same kvaliteten. Det er berre her på Cuba vi har den rette kombinasjonen av jordsmonn, klima og handverk, sa ho triumferande.

Dei beste sigarmerka skal vere Cohiba, Montecristo og Romeo & Juliet. Men der er også ei rad andre merke av god kvalitet, og som ikkje er like dyre som dei før nemnde.

Hemingway

Kvar røykjer så turistar sigarar på Cuba? Det kunne vi gjere overalt, men ein plass var det viktigare å vise fram sigaren enn nokon annan plass. Det er på baren El Floridita i gamlebyen i Havanna, i Calle Obispo, gata som er eit sentrum i bydelen som står på UNESCO si verdsarvliste.

 

Det var nemleg på denne baren den legendariske amerikanske diktaren Ernest Heminway kom inn i ei årrekkje og røykte sin sigar, samstundes som han drakk sin daquiri, ein drink samansett av rom, lime og sukker m.a. Inne på denne baren ”må” alle turistar late seg fotografere framfor bysta av heminway, gjerne røykande på ein sigar med eit glas daquiri i handa. Tåpeleg? Sjølvsagt, men moro lell.

 IMG_1499

Artikkelforfattaren inne på El Floridita, ved Hemingway, og med ein sigar og ein daquiri.