runde 043   

Vi møttast på villane og gjekk framover gamlevegen, der er lett og gå og fin utsikt over fellesfjøsen og Rekkedal.

Det var vakre haustfargar og veret var varmt og tørt.

Det kom litt regn etterkvart, men det er vi vande med no.   

Her ser de Irene Osvoll, Alvhild Ville, Kari Stokke, og vegvisar Fredrik Johan Mo .

Det var enno godt lys når vi tok dette bildet  men det mørkna fort .

 

runde 046             

Her er Unni Strandmann og Marit Skår dette er frå eidet, men det var for mørkt til at bakgrunnen viste !

 

runde 042     

Her er det frå venstre, Bodil Skare, Marit Skår, Unni Strandmann, Alvhild Ville, Irene Osvoll, Kari Stokke med Jørgen på fanget. Herifrå må vi gå langs hovedvegen fram til Bjørg valset derifrå går vi gjennom tuna framover til saga på Tvergrova, der er det bra veg fram til Eidet der kan du fortsette heilt ned til Bjørdalskiftet om du vil.

Vi snudde på eidet, likevel var det godt mørkt før vi kom nedatt til villane. 

runde 044

Dette skulle bli eit "idyllisk" motiv av to sporty damer i vakkert haustver, i staden vart det to sporty damer i Halvmørkna.

Det er no sett opp to måndagsturar att, Rekkedalsetra og Rognestøylen, vi ser at det går godt å gå desse turane sjølv om det mørknar tidleg, då det går greitt å gå på veg sjølv om det er mørkt.

Vi får be om nåde at ikkje hjortejegrane trur vi er ein spissbukk eller kolle i halvsjyminga!

Husk det finns ikkje dårleg ver, berre dårlege kler!