Vi har med spelarar på mange lag og samarbeidar godt med Åmdal og Ørsta på
G14 Ørsta/Åmdal/Sæbø, G16 Ørsta/Åmdal/Sæbø, J16 Sæbø/Åmdal, J14 Åmdal/Sæbø/Ørsta1 og 2, og J18/D4 Ørsta/Volda/Åmdal/Sæbø.
Vi har med to jenter på Ørsta J10 og fem gutar har fått tilbud om å spele på Ørsta G10. 
Vi stiller også lag i B9 der vi har tilbud til barn i 2,3,4. klasse. Desse trenar i gymsalen på Sæbø.

G14 Ørsta/Åmdal/Sæbø spelte to kampar søndag. Gutane vann over Sykkylven 11-10 og tapte mot Stranda 15-16. Begge kampane var som resultatet seier veldig jamne.

G14
Jonas, Martin, Martin D. og Petter i forsvar.

Petter
Petter skårar!

G16 Ørsta/Åmdal/Sæbø sine kampar var også veldig jamne, der det vart knepent tap over Gloppen 1, 16-17 og siger over Gloppe2 22-21 etter fartsfylte og spennande kampar. Sivert representerte Sæbø på desse kampane og gjorde ein flott innsats!

J14 Åmdal/Sæbø/Ørsta 2 spelte laurdag mot Hareid2 og kunne juble over siger 9-6. Skal prøve å kome tilbake med bilder av desse flinke jentene seinare!
Elen, Lisabel, Nina, Silje og Maria er Sæbøspelarar på dette laget!

J16  Sæbø/Åmdal spelte sin første kamp denne veka onsdag mot Ørsta/Volda2. Jentene spelte ein god kamp men måtte sjå seg slått med to mål, 19-21. 
Laurdag var det kamp mot Bergsøy og der var det ingen tvil om kvar sigeren skulle havne. 22-9 til våre jenter.

J16 2
Malene, Hanne, Katrine og Kathrine i forsvar!

Søndag var det  Kamp mot Ørsta/Volda3. Det viste seg at dette laget var identisk med Ørsta/Volda2 og jentene vart litt nervøse noko første omgang bar tydeleg preg av. Ø/V leda 5-11 ved pausa.
I andre omgang kom jentene sterkt tilbake og tok att Ø/V. Laga følgde kvarandre jamnt til 17-17 då tre av våre jenter var ute med skadar. Sluttresultatet vart 17-20 og siger til Ørsta/Volda etter ein spennande andreomgang.

snart klar
Hanne, Malene, Kathrine, Rebekka, Else Marie og Marita er klare til kamp!

J18/D4 Ørsta/Volda/Åmdal/Sæbø spelte mot Langevåg søndag. Etter ein fartsfylt, jamn og spennande kamp kunne jentene/damene juble over siger 26-23. Flott at vi har fått igang damelag igjen!

forsvar
Gunn, Elisabeth og Linda hindrar mål! 

Vi i handballgruppa syns det er flott at så mange frå Sæbø spelar handball og ser fram til resten av sesongen!
Vi ser også at vi er heilt avhengig av samarbeid for å kunne gi alle eit godt tilbud og er krye av at aktiviteten veks.

IMG_8358
Publikum! Mange møtte for å sjå laga i aksjon, flott!

Handball er kjekt og sosialt!