Han kom vel fram til Sæbø, og då fekk vi beskjed om å sende ein mann for å guide han tilbake til Rise.
Klokka 18 starta vi å losse, og 3 timar seinare var stålet på plass på tomta. Jonny Flatnes lossa med gravemaskina.
Her er trailer nr. 2 klar for lossing.
Men først var den på ein farleg omveg til Geiranger. Gps en sende dei mot Geiranger frå Strynefjellet. Og sjåføren var så fortvila at han ville berre gå å breide attover hovudet.
Lukka var at han hadde med ein Kroat som har budd i Norge i 22 år, og som snakka godt norsk.
Han fekk vite på Union hotel at aldri hadde ein 18 meters trailer vore til Geiranger sentrum.
Det var så vidt plass til ei bok mellom eit hushjørne og bilen på veg opp att.
Dei tykte Norangsdalen var ein kjempeveg å køyre. For dei kom nemleg med første ferje frå Lekneset tysdag morgon.
Klokka 9 var vi klar å losse. Og denne gongen fekk vi snakke med fylgjemannen.
Vi oppdaga kvelden før at sjåføren var reddare for bilen enn for eige liv. Han klatra oppetter sidene på bilen under dei hengande stålbjelkane. Og hjelm greidde vi ikkje å få på han. Han forstod ingenting, eller ville ikkje forstå.
Bilane var nye. Og sjåførane hadde ei svært dårleg løn, og eit stort ansvar for matriellet som kunne vere knapt forsikra.
Fylgjemannen vågar å sjå på, men sjåføren har kanskje gøymt seg. Ingen fare, Jonny har kontroll.
Likevel greidde vi å bryte ei av 20 mm fjølene på sida. Og då var sjåføren fortvila. men vi limte til slutt.
Sjåføren Sasha vågar til slutt å sjå på.
Endeleg er den siste lange bjelken komen ut av bilen. Og han kan glad byrje å tenke på å laste opp Zetor traktorar. Det skal han gjere i Volda. Klart ein må ha returlass når ein fær så langt.
God kvalitet på arbeidet konstaterer Frank og Jonny.
Sveisearbeidet er utført i Mostar, og galvaniseringa i Sarajevo.
Askjell og Frank forklarar fylgjemannen korleis ein skal kome til Volda og deretter austover uten fleire farlege omvegar.
Det er overraskande for oss at dei tek sjansen på å reise så langt uten å kunne eit ord engelsk..
Det var lite mat han hadde med, og lite å kjøpe for. Så den norskkroatiske kompisen hadde teke med seg mat til begge heimanfrå.
Sjåføren hadde meint at vi måtte vere svært rike som kunne bygge så svært eit hus.
Det var nesten gale at dei ikkje stoppa på Nordang og spurde Venke om det var tilfelle.
Kommentarar
Fin artikkel, akkurat passe lang og interessang også for oss som bor i Hjørundfjorden!
Går halveis å håpa på at det ska kome litt snø i bergens området so vi kan stoppe å asfaltere litt:)
Da ska ej heim iallefall!
No sitte ej å kosa mej m en cognac og venta på det ska bli fredag, da ska heile asfalt gjengen til manchester på heisatur.
Sjefane spandera fly,hotell og kampen manchester united-middlesborough. Steik kor ej gler mej:)
(Og arva Møre nytt etter mamma.)
Syns du skriv velig godt Knut, takk for at du tek deg tid. (Begge Knutane)
Forstår Magne godt som forlet Bergen for helga - her er folk i gullfeber og virka stort sett mindre tilregnelege :-)
Ha ei fin helg alle saman - om det er med eller utan fotball:-)