481,9 mm regn kom det på Hustad i Hjørundfjorden i september - dvs. nærare halvmeteren - men likevel var det for lite til rekord, opplyser vêrobservatør Anne Hustad til hjorundfjord.no.

Anne Kristin Hustad 002 (Large)

2,8 mm for lite regn på Hustad, seier Anne Hustad.

I 1997 kom det 484,7 mm regn på Hustad.  Dermed kom det 2,8 mm regn for lite i september i år dersom den rekorden skulle verte slegen.  "Trøsta" får vere, opplyser Anne, at det regna samanhengande i 27 dagar i september.  Den dagen det kom mest nedbør, var den 15.  Det døgnet regna det heile 57 mm.

Trøsta får vere - for manglande rekord - at det regna mest på Hustad av alle offisielle målestasjonane på Nordvestlandet i september.