I Møre Nytt i dag kan ein lese at rådmannen ynskjer bygge og deleforbod ved Molaupen for å hindre at konsesjon for oppdrett skal kunne verte gjeven  av Fiskeridirektoratet før den nye kystsoneplanen vert handsama. I den gjeldande planen er nemleg eit område ved Molaupen lagt ut til oppdrett av Ørsta kommune. Fiskeridirektoratet er det som avgjer søknadane.

Same instans brydde seg altså ikkje om kommuna si oppmoding om å vente med handsaminga før den nye planen vart ferdigstilt. Som ikkje overraskar meg. Konsesjonssøkjarane visste nok kva dei gjorde då dei sende inn søknaden midt i ein høyringsprosess om den nye kystsoneplanen som vil avgjere "oppdrettsskjebna" til Hjørundfjorden.

Protestaksjonen gjeld det som skal nedfellast i den nye planen. Difor er det no viktig at forslaget til rådmannen snøgt vert handsama i formannskapet. Elles fryktar eg ei snøgg-avgjersle i Fiskeridirektoratet for å kome kommuna i forkjøpet. Så mistenksam er eg, nemleg! Fiskeridirektoratet veit eg kven er på lag med.

Så difor har representantar for Hj.fjorden her ei oppgåve. Sjå til å få fart på handsaminga!

Overskrifta: "Ein første, liten delsiger.........." er berre eit faktum om vi kan oppnå dette!  Her kjem altså det første dømet på vanskane kommuna har sett seg i. Som eg har advart mot. Alt dette kunne vore unngått om Hjørundfjorden vart.........(ordet har eg her på portalen lova ikkje å nemne fleire gongar, så difor..) 

Problemet ligg i at kommuna har "forslags-mynde" til oppdrettslokalitetar, medan Fiskeridirektoratet har "utøvande" mynde når det gjeld konsesjonane. Det er altså dei som avgjer søknadane. Like fullt kan kommuna i den nye planen vedta at det ikkje skal vere oppdrett i Hjørundfjorden om dei IKKJE legg ut nye lokalitetar. Dette er "sakens kjerne." Kor haldbart dette er ovanfor "ei aggressiv" oppdrettsnæring står event. att å sjå. 

Men eg er optimist. Dette skal vi makte! I den nye kystsoneplanen skal det ikkje vere høve til oppdrett i Hjørundfjorden!

At rådmannen syner til protestaksjonen med sine 800 protesterande einskildpersonar, lag og organisasjonar gleder meg og sikkert alle dei øvrig protesterande!