I Møre Nytt i dag kan ein lese at rådmannen ynskjer bygge og deleforbod ved Molaupen for å hindre at konsesjon for oppdrett skal kunne verte gjeven av Fiskeridirektoratet før den nye kystsoneplanen vert handsama. I den gjeldande planen er nemleg eit område ved Molaupen lagt ut til oppdrett av Ørsta kommune. Fiskeridirektoratet er det som avgjer søknadane.
Same instans brydde seg altså ikkje om kommuna si oppmoding om å vente med handsaminga før den nye planen vart ferdigstilt. Som ikkje overraskar meg. Konsesjonssøkjarane visste nok kva dei gjorde då dei sende inn søknaden midt i ein høyringsprosess om den nye kystsoneplanen som vil avgjere "oppdrettsskjebna" til Hjørundfjorden.
Protestaksjonen gjeld det som skal nedfellast i den nye planen. Difor er det no viktig at forslaget til rådmannen snøgt vert handsama i formannskapet. Elles fryktar eg ei snøgg-avgjersle i Fiskeridirektoratet for å kome kommuna i forkjøpet. Så mistenksam er eg, nemleg! Fiskeridirektoratet veit eg kven er på lag med.
Så difor har representantar for Hj.fjorden her ei oppgåve. Sjå til å få fart på handsaminga!
Overskrifta: "Ein første, liten delsiger.........." er berre eit faktum om vi kan oppnå dette! Her kjem altså det første dømet på vanskane kommuna har sett seg i. Som eg har advart mot. Alt dette kunne vore unngått om Hjørundfjorden vart.........(ordet har eg her på portalen lova ikkje å nemne fleire gongar, så difor..)
Problemet ligg i at kommuna har "forslags-mynde" til oppdrettslokalitetar, medan Fiskeridirektoratet har "utøvande" mynde når det gjeld konsesjonane. Det er altså dei som avgjer søknadane. Like fullt kan kommuna i den nye planen vedta at det ikkje skal vere oppdrett i Hjørundfjorden om dei IKKJE legg ut nye lokalitetar. Dette er "sakens kjerne." Kor haldbart dette er ovanfor "ei aggressiv" oppdrettsnæring står event. att å sjå.
Men eg er optimist. Dette skal vi makte! I den nye kystsoneplanen skal det ikkje vere høve til oppdrett i Hjørundfjorden!
At rådmannen syner til protestaksjonen med sine 800 protesterande einskildpersonar, lag og organisasjonar gleder meg og sikkert alle dei øvrig protesterande!
Kommentarar
Det er ikkje noko forsøk på namnendring som ein konsekvens av ein framtidig oppdrettsinvasjon. For det skal det ikkje verte noko av!
Flott initiativ frå Kommuna! Dette viser kva veg vinden bles, og at det faktisk er von i hengande snøre. Dette skal folk i fjorden med sans for ein rik fjordfauna ta til seg og kjempe vidare for artsmangfoldet!
(det er no berre 17 dagar til seismikklekteren skal ut av fjorden..)
Eg har heller ikkje noko "munnkurv!" For all del!
Nei, 3 "nøkkel-ord" har eg pålagd meg sjølv ikkje å nemne. Det er altså sjølvpålagd! Avdi eg ikkje ville trøytte lesarane.
Men eg vil skrive "kring desse..," om naudsynt.
Det eine er korrekt det du skriv.
Sperregrense mot nye lokalitetar ligg difor fast.
Kva tid kystsoneplanen vert fastsett er heilt usikkert.
Med ein slik folkeleg protest som protestaksjonen bl.a inneber, må planen ut til ny høyring. Slik eg ser det.
Ikkje minst avdi ein vesentleg del manglar.
Nemleg ein bereiskapsplan for Åkrenes-renna. Som kommuna er pålagd. Difor godkjende ikkje Fylkesmannen den førre planen.
I så måte kan ein ny plan ta år. Den tida må nyttast godt.
"Åkrenes-argumentet" vart ikkje nytta ovanfor den avgåande miljøvernminister for å hindre at faginstansane vart tilsidesett av den same. (Kven kan hugse alt?)
Kva med event. fleire millionar oppdrettslaks/aure og torsk i fjordsystemet? Noko anna enn ei potensiell miljøkatastrofe?
Den urett som Hjørundfjorden, Nordalsfjorden og Storfjorden er utsett for er reversibel med eit anna regime i Miljøvernpartementet.
Eit sterkare, meir vidfemnt og mindre påvirkeleg enn dett førre.
Alt dette skal verte ein ny "innfallsvinkel" frametter.
Ei ordning som kontinuerlig skal evaluerst og følgjast opp.
Kvifor?
Leiaren i Mattilsynet seier ein har sett den eksplosjonsarta auken i oppblomstringa av lakselus i oppdrettsanlegga som utgjer fare for villaksen avdi lusa drep utgåande smolt på veg mot oppvekstområda i havet......Sjå det!
Eg kan ikkje fri meg for det. Velkomen etter....
Vel, i alle høve er det positivt at myndigheitene no, seint men godt(?), konkluderar med det som burde ha vore gjort for fleire år sidan.
No er det forøvrig ikkje "måte på" kor villaksen med fare for utrydding er omtala i media.
I forgårs såg eg elles oppdrettslaks som "hoppa" på bukta. Det var mange laksar som synte seg i overflata.
Oppdrettsfiskande Oddvar O., Anders H., Ola S.,Johan R. og Mikkel R.
Gjer som i fjor. Få ut garna!
Sammanfallande med for stor produksjon av oppdrettslaks og minkande prisar er det nemleg vanleg med meir "rømd" oppdrettslaks......Av ein eller annan grunn.