I går, laurdag den 29. september vart 76 av dei beste vêrlamma i Ørsta og  Hjørundfjorden synt fram for kritiske dommarar i ridehallen i Ørsta.  Under denne framsyninga, som vert kalla kåringssjå, vart heile 67 lam kåra.  I fjor vart berre vel halvparten av dei stilte lamma kåra.  Om det er lamma som har vorte betre, eller det er dommarane som har vorte mildare i dømminga, skal vere usagt.  Men ein ting er sikkert - dei ikkje alt for mange sauebøndene som er att i Hjørundfjorden tok godt føre seg i premiesamlinga.

Nok ein gong var det Lars Johan Sæbønes som hadde vêrlammet som fekk flest dommarpoeng, dvs. at dommarane meinte at Lars Johan (Lasse) hadde den flottaste lammevêren - 37 poeng. (Maks poengsum er 40)  Dermed fekk han kvit sløyfe.

IMGP0418 (Large)

Lars Johan Sæbønes hadde lammevêren som dommarane likte best.  Lars Johan til venstre.  Dommar Eldar Jan Dahle sjekkar ullkvaliteten til lammet.  I bakgrunnen ser vi ein mann som må få ta del i æra - Ola Sæbønes.

IMGP0419 (Large)

Under eit kåringssjå skal det også vere godt humør...  Dommar Atle Arnesen til venstre i framgrunnen har ikkje knekt saman i latter.  Nei, han sjekkar ulla på topplammet til Lasse i mikroskop.

Under eit slikt kåringssjå som vart arrangert i Ørsta er det nok flest veteranar.  Det lovar ikkje heilt godt for den framtidige sauedrifta i Ørsta.  Men i ridehallen var det eit par heiderlege unnatak.  Eit av dei var Lasse si yngste dotter, Julie.

IMGP0414 (Large)

Julie og farfar Ola Sæbønes.

Bondalingen Odd Bjarne Bjørdal og Jørgen Halse frå Håvoll hadde dei to lammevêrane med flest poeng, men til sjuande og sist dømde dommarane vêren til Halse for å vere hakket betre enn Bjørdal sin.  Det er likevel god grunn til å gratulere Odd Bjarne med ein svært god andreplass. 

Flest dommarpoeng og flest poeng.  Kva er skilnaden?  I gruppa med flest dommarpoeng er det berre teke omsyn til den konkrete lammevêren som vert dømd.  I gruppa med flest poeng er det også teke omsyn til kvaliteten på foreldra.  Gode foreldre gjev tilleggspoeng.

IMGP0449 (Large)

Helge Urke hadde også ein lammevêr med ein svært høg poengsum.

IMGP0445 (Large)

Odd Bjarne Bjørdal, leiaren i Ørsta Sau- og geitealslag, hadde eitt av to lam som fekk flest poeng - 170.

Det var Åse og Per Arne Saure som hadde den lammevêren med mest vektavvik.  D.v.s. at akkurat denne lammevêren var mykje større enn gjennomsnittsvekta på lamma i buskapet deira.  Dette kan tyde på at akkurat denne lammevêren har ekstra gode eigenskapar med tanke på vekst og kjøtfylde.

Som nemnt var det mange lam som vart kåra.  Odd Bjarne Bjørdal, leiar i Ørsta Sau- og geitealslag, opplyser at dei har vêrar nok til alle buskapar i kommunen.  Han understrekar også sterkt at det er svært viktig at alle saueeigarar brukar kåra vêrlam.  Dette er viktig slik at det gode avlsarbeidet i kommunen kan halde fram.  Kjøper/leiger ein ein vêr av verringen i Ørsta er ein sikra ein god far til lamma som vert fødde til våren.