Vi er ein gjeng som prøver å få til det beste for bygda vår. Vi er sårbare. Vi toler kritikkk, men vi toler ikkje bygdetullingane som seier alt var betre før. Det er eit av bodskapa undervegs.
Det viktigaste er likevel: Ver galen. Ikkje høyr på kva dei gamle mannfolka seier.
Les meir i Møre-Nytt laurdag.
Kommentarar
Nei, "galskap" var på privat basis, utan offentlege tilskot, å iverksetje og byggje hotellet der Hjørundfjord Adm. med fleire no hyggjer seg!
Det var galskap, det!
Iveksett og utførd av "gamle mannfolk" og deira familiar.....
Så vidare let eg vere.
Bror og eg snakkar saman fleirfoldige gongar i veka.
Det kan ikkje vere slik at portalen berre skal vere "tur, kos og quiz."
Det har du sjølv tidlegare sagt.
Du vart "vengestekt," og sidan har du vore det.
Eg kjenner til "hentydningane" til Adm. for Hj.fjorden og kven det vert sikta til.
Dei 8-15 som hentar posten på Bellingen og diskuterar og vurderar. Slikt er vel vanleg?
Du er mest hårsår avdi det frå "senior-hald" er vorte stilt spørsmål vedr. T-skjorter.
Offentleg spør eg no. Kor mykje vart brukt på nett desse?
30 000 kr som det vert sagt?
Kva med Gjengedal sitt honorar vedr. planen for Sæbø sentrum?
Eit vanvittig prosjekt.
Tras alt er dette offentlege midler.
Elles har eg ei kjensle av at meiningar skal kanaliserast i ei viss retning.
Leksa eg lærde av ein kompis var at bygdemobilisering må vere skikkeleg alvor med sakleg trøkk, - og det må vere skikkeleg moro med laus snipp og vitsar og gapskratt.
Jeg undrer meg over ordbruken. Derfor vil jeg kort vise til at mobiliseringsmekanismer som denne, ikke er noe en liten gruppe har eiendomsrett til. I det ligger at representanter i samme gruppe bør unnlate å karakterisere andre mennesker med andre synspunkter som "bygdetullinger." I stedet bør de etterstrebe å skape bredest mulig "eierskapstankegang" i bygda. Jeg tror ikke utspill som dette skaper noe en kan bruke positivt, men tvert om ødelegger mobiliseringseffekten. Det å tillate seg å komme med slike generaliserte karakteristikker kan tyde på at vedkommende innehar makt og en god porsjon selvtilfredshet som medlem i denne "gjengen." Dersom "gjengen" er ensbetydende med styringsgruppa, ber jeg om en kommentar til kommentaren min fra styringsgruppa. Imidlertid håper jeg på det sterkeste at vedkommende ikke kan identifiseres til styringsgruppa. Da er det vel en annen "gjeng?" eller?
Når det gjeld prisen på t-skjortene, veit eg ikkje det i farta, men skal finne det ut. Eg trur likevel at summen er større enn det du nemner, men vi har stort sett fått inn att pengane gjennom salg.
Og klart at ting var bedre før - då budde det jo mykje meir folk i bygdene.... Og vi var unge og spreke.... Dei som bygde hotellet var "gamlinga på over 30" (hehe). Vi hade plattingdans og laks i elva og då...
No har vi livserfaring, dårlig kondis og PC.
Heldigvis har vi beholdt hummøret :-)
Og gangsyn nok til å sjå at bygdemobiliseringa faktisk bidreg til framgang for bygda. At med å drage lasset i lag i same retning så når ein måla. Og det gir resultat for ein del av prosjekta. Så får ein og ta med at ikkje alt vert like vellukka, og at ein del av prosjekta kanskje ikkje vert realiserbare.
Men en skal ikkje heile tida skyte på dei som gjer noko for å få til ting - men heller spørje kva kan eg bidra med i denne galskapen????
For folk i Hjørundfjord har gong på gong bevist at dei sit inne med monge godt skjulte talent som gir stor glede for omgivelsane når dei vert tatt fram :-)
Eit eksempel på det er bygdemobiliseringsgjengen sin galskap....
Ivar Svein Mo
Helge skriv om eldsjelene som bygde hotellet. Det var kreativ "galskap" - i beste meining.
Bygdemobiliseringa er støtta av Møre og Romsdal fylke. Over tre år får mobiliseringa 300.000 kroner, som igjen skal initiere prosjekt for næring og bulyst over heile fjorden.
Ja, vi har brukt nokre titusener for å få laga ei prosjektskisse over Sæbø. Dette er ikkje vekkasta pengar, for det har utløyst til no 1,4 millionar kroner - frå både offentlege og private. Vi meinte og meiner at vi måtte ha noko i botnen som kunne vise dei visjonane ein har for Sæbø. Overfor dei 200 på folkemøtet i februar i fjor, vart det påpeikt at vidareutvikling av Sæbø sentrum som eit senter i Hjørundfjorden er viktig for prosjektet.
Sverre Magnus kommenterer einsretting. Det er på ingen måte meininga frå bygdemobiliseringa å drive med ei einsretting. Tvert i mot ynskjer vi innspel og forslag, og frå langt fleire enn som kjem med det i dag.
Bygdetullingar og eldre mannfolk: Det er eit faktum, ikkje berre for Sæbø, men faktisk alle grender og nabolag, at nye idear og forslag vert møtte med skepsis. I nokre tilfelle er det ikkje berre sunn skepsis, men meir bakstreversk. Vi har for lett for å seie at alt var mykje betre før, og at "dette kan vi ikkje endre på, vi må gjere det slik vi alltid har gjort det". Då er det slik at fremst i køa av folk med slik argumentasjon, er menn med makt. Det er ofte middelaldrandre menn, som er ei gruppe eg sjølv er ein del av. Og eg har heilt sikkert synda sjølv her.
Det er ei utfordring, ikkje berre for bygdemobiliseringa, men for alt lagsliv og organisasjonsliv i Hjørundfjorden, å få med ungdom i styre og stell. Ungdom må lyttast til - og gjevast ansvar.
Viss vi ser på debattane her på portalen, endar det ofte opp i ein debatt mellom menn over førti år. Det synest eg faktisk er litt leitt. Sjølvsagt må denne gruppa få lov til å diskutere, men stengjer vi andre ute? Gjev vi andre grupper nok plass fordi vi tek for stor plass sjølve?
Bygdemobiliseringa er snart halvveges i prosjektet. Kanskje kunne ting vore gjort annleis, men vi synest faktisk vi har greidd å få med folk på mange prosjekt, både i arbeidsgruppene og på dugnader.
Mange tøffe tak står att, mellom anna å få fram næringskonsept som kan vere drivverdige. Ei anna utfordring er å akseptere annleisheit, at folk tenkjer annleis enn det vi har vore vande med t.d. når det gjeld næringsutvikling og elles.
Hugs at målet er å få snudd ein negativ trend i Hjørundfjorden. No er Hjørundfjorden ein stad folk flyttar i frå, ikkje flyttar til.
Eg seier meg til slutt samd med Eva Aarskog. Ho utfordrar folk til å tenkje etter sjølve "kva eg kan gjere for å medverke til bygdeutvikling". Det er eit godt utgangspunkt.
Gå inn på nettsida eikefjord.net, og sjå der korleis bygdeutvikingsprosjektet har vore. Mange stader har ein greidd å få til resultat - med å lyfte i flokk.
Helsing
Rune Sæbønes, medlem i styringsgruppa, og ein som på langt nær er galen nok.
Eg er heilt einig i mykje av det du skriv. Å få meir ungdom på bana med idear og synspunkt er viktig. Eg har ved fleire høve etterlyst det.
Eg trur elles ikkje dei unge er så tilbakehaldne at dei ikkje vågar seg frampå fordi vi eldre er for dominerande.Som du skriv.
Aldri ha vel ungdomen vore meir tale og skriveføre enn i dag.
Men kanskje vi "eldre" skal gjere eit eksperiment. La vere å skrive her på portalen. Så får vi sjå om det nyttar. Ingenting bør vere uprøvd. Eg skal gå foran.
Men ungdomen må sjølv ville og syne initiativ.
I ein artikkel inviterte eg ungdomar til å starte ei fiskeforeining her på Sæbø/Bondalen. Som dei fleste bygder har. Eg sa meg villig til å hjelpe til i startfasa, om naudsynt.
Inga tilbakemelding.
Mitt årelange arbeid for ein oppdrettsfri Hjørundfjord og villaksen i elvane har eg gjort nettopp avdi eg har hatt komande generasjonar i tankane.
Men kanskje kjem det og under kategorien "alt var betre før" avdi laksefangstane kunne vere opp mot 30 gongar så høge som i år?
Kanskje enkelte ser det slik.
Det ligg føre ein reguleringsplan for Sæbø sentrum. Det er den det må jobbast ut ifrå. Startar ein arbeidet med endå ein plan, veit ein det vil ta tid og utsette prosjekt.Det syner all røynsle. Slik ser eg det i alle fall.
Den pompøse planen synast å ha vorte lagd i ei skuff. Vart det ikkje sagt at ein førre vinter skulle ha eit folkemøte der ein skulle diskutere planen. Det har event. gått meg "hus forbi."
Eg skjønar ikkje at nettt denne planen skulle vere ein føresetnad år å få utløyst pengar. Dei hadde vel vorte utløyste likevel.
I dag vert det snakka så varmt om å nyttiggjere seg dei eldre sin kompetanse og røynsle. Det synast ikkje vere ønskjeleg av Mob. for Hj.fjorden.
Nett det oppnår de når Hjørundfjorden Adm. nyttar "bygdetullingar" og gamle menn som eit skjellsord.
Utruleg nedsetjande og generaliserande. Ja, direkte frekt!
Er du klar over kor mange du femnar?
Det hjelp ikkje å dekke seg bak Møre-nytt. Det var du som førde dei i penna her på portalen.
Folk du refererer til er udelt positive og glade over det arbeidet som er gjort. La det vere klart.
Ein "eldre" mann konfrontere deg og Knut med valet av motivet på T-skjortene.
Vedkomande meinte ein burde ha eit motiv frå Hjørundfjorden. Eit bilete teke mot Slogen. Det er allereie eit motiv innarbeidd i folk sitt medvit, og som folk assosierar med Hjørundfjorden.
Eit varemerke. Ei gjengs oppfatning. Det skulle han visst ikkje ha gjort. De vart rasande båe to. At same person gav uttrykk for at seniorar av eiga lomme har planar om å få laga T-skjorter med dette motivet, gjorde ikkje saka betre. Er ikkje dette døme på hårsårheit og einsretting?
Då vart visst "gamle menn" (og bygdetullingar?) nytta for første gong.
Avslutningsvis litt om "tur, kos og quiz" som eg nemde. Sjølvsagt kan kven som helst skrive desse sjangarane.
Kanskje kunne det vektleggjast meir arbeid med heilt konkrete saker der ein jobbar opp mot dei naudsynte instansane som kommune, fylke og stat.
Som de har gjort med utfyllinga i sentrum. Det arbeidet synast å ha stoppa opp. Som lys langs sjøen, og bru. Men det har vel sin naturlege grunn.
Døme på konkreter saker her på Sæbø.
1. Jobbe med å få klargjort Sæbønes 2 byggefelt. No vert resten av vegen dit ut asfaltert og opprusta.
2. I samsvar med noverande reguleringsplan. Jobbe med å få flytte ferjekaia.
3. Få orden på dei skandaløse toalett-tilhøva i sentrum.
4. Den gamle aldersheimen står til forfalls. Kan han rivast, vil det bråt dukke opp 2-3 fonnsikre tomter. Veg, vatn og kloakk er framført.
5. Kanskje "våge" å framskynde rehabiliteringa av Prestegards-husa. Der pengar allereie er innvilga. Etter som eg skjønar. Det føreset at "bremseklossen" i prosjektet gjerast noko med.
Dette er tankar eg har hatt. Det finnast sikkert fleire potensielle prosjekt.Ikkje minst om ein ser heile fjorden under eitt. Som ein vel bør gjere.
Eg ønskjer til slutt Mobilisering for Hjørundfjorden til lukke med det vidare arbeidet, og vonar, som Rune, at fleire unge vil gjere seg gjeldande her.
For det andre: Eg meiner ikkje at middelaldrande og eldre menn ikkje skal kome med idear og synspunkt. Poenget mitt, er som eg skreiv i førre kommentar, å late andre sleppe til. Til dømes her på portalen er det ikkje noko problem at fleire skriv mykje, både innlegg og kommentarar, men at andre ikkje skriv meir eller ikkje skriv noko.
Når det gjeld sakene du skriv om, er bygdemobiliseringa, arbeidsgrupper og Sæbø grendelag i gang med dei fleste. Nokre av desse sakene er tyngre og vanskelegare å få gjennomslag for enn andre, men vi håper som du Helge, at vi skal få nå fram hos både kommune, Statens vegvesen og andre offentlege instansar som sit på pengesekken og ansvarsmynde.
Når det gjeld t-skjorter, kjenner eg meg ikkje att. Eg meiner bestemt at eg ikkje har sagt til nokon at dei er bygdetullingar fordi dei meiner t-skjorta skulle hatt eit anna motiv. Det står også sjølvsagt heilt fritt for kven som helst å få utarbeidd motiv med bilete frå Hjørundfjorden, og å få desse trykte og selde. Eg har t.d. sjølv fått laga meg nokre t-skjorter med Hjørundfjord-motiv som eg nyleg hadde på meg på Cuba. Stor suksess.:-)
Det var ikkje deg eg på nokon måte hadde i tankane og vende meg til vedr. "gamle menn og bygdetullingar."
Hjørundfjorden Administrator var adressaten. Referansa var stykket som starta denne debatten.
Vedr.det eg skreiv om T-skjortene var det vedkomande og ein annan eg nemde med namn.
Han - og eg i omtalen - meinte å seie dette med glimt i auget. Igjen: Viss nokon er såra, seier eg meg lei for det.
Hadde det ikkje våre ein ide å lagt inn ein diskusjonsforum der man videre føre desse diskusjonane. Sjølv synast èj at det blir noko feil å ha slike diskusjonar under nyhende eller under artiklar.
T-skjortene skal vere kvalitetsskjorter og prisa der etter.
Skulle det vere eit ynskje å få produsert ei T-skjorte med eit landskapsbilete så er ingen grunn for at nokon annan kan få laga ei slik skjorte som kan prisast lavare, uten det er noko konkurranse til vår skjorte.
Skjorta våre er under utvikling og det nye innkjøpet vert det gjort ein del utvikling og endringar. Det siste innkjøpet som var i underkant på 50.000,- er på nær innatt kome alle kostnader på, og ein del skjorter er att. Her kan styret konkludere med at dette ser ut å verte ein god butikk som skal brukast videre i bygdemobliserings arbeidet.
Håper dette er avklarande for dine spørsmål.
Ein arbeidsleiar i i arbeidsgruppe har ikkje noko mynde å bevilge pengar, utan styrets godkjenning, og må rette seg deretter. Det er då også styret som må ta evnt.kritikk.
Ivar Svein Mo
Noko å tenke på for enkelte kan være nokre kommunikasjons-teoriar; sendar-mottakar. Kva vert sagt, kva vert oppfatta...