
Fineveret kom onsdag kveld, og månen tvinga seg fram gjennom skydekket.
Morgonsola når Sæbø sentrum, for første gong på aldri så lenge.
Dei kipte seg nok om bord på B/F Nørvøy også, då ferja med eitt var bada i sol.
Kontrastane i haustfjellet er finare i sol enn regn.

Men det ser litt kaldt ut i høgfjellet.
Sauene kosar seg også.
Linerla får ein sjanse til å turke opp før ho reiser til sørlegare breiddegrader.
Så spørst det kor lenge det er fri sikt til Viddal....
Smalahove på Voss (30.09.2007 kl. 11:31)
Veteranlaget var på tur til Voss i 2002. Der var me med på Smalahove-festival, fleire hundre "saudehaudetarar" samla i eit gedigent partytelt ! God stemning. God gamal Smaladram er obligatorisk ! Nokre av oss såg fanden sjølv når auget til sauen skulle ned . . . :-)
Alf Ole Aarseth
Kamera (30.09.2007 kl. 11:17)
Til glede for brukarane på hjorundfjord.no har Rune kjøpt seg nytt kamera. Det kan ein sjå resultatet av i denne artikkelen, og sikkert mange i tida som kjem:)
Arnfinn Mork
Perry Bjørke (28.09.2007 kl. 23:37)
Har våre å køyrt damene heim.
Nå har eg slått av alle lys rundt husa så hjortegjegerene skal sjå bedre i kikkertene sine.
Blir vel ei hjortelever eller hjarte på meg som takk.
Nye Ordføreren.
Har hat mange hygglige samtaler med Gudny så er trur nok vi skal samarbeid til det beste for bygda og kulturen.
Ho har støttet meg i fleire saker ho.
Men det er så klart annleis å vere ordfører enn å vere partileiar eller å sitte i kommunestyret.
Perry Bjørke
Fine Vær! (28.09.2007 kl. 23:07)
Det e ikkje berre på sæbø det e fine vær. Til og med her i Bergen so skine sola for andre dag på rad:)
Emil Riise
Gudny (28.09.2007 kl. 22:43)
Tippar Gudny likar saudehaud. Du får invitere henne også, Perry.
Rune Sæbønes
Reislivslaget på besøk. (28.09.2007 kl. 22:39)
Var heldigvis opplett også når Reislivslaget var på Bjørke på Onsdag slik at vi fekk sjå på det meste her inne uten å bruke sydvest heile tida.
Vi gjekk igjennom forkjellige muligheiter for servering ol.
Kulturhusa og serverdigheter fekk dei sjå også sjå på.
Kanskje får vi til noko her inne.
Har hat kontakt med andre også når det gjeld Bjørke og aktiviteter.
Håper nye ordføreren er like positiv til Bjørke og bygdene som den som går av.
Eg stiller gjerne opp eg for bygda og dei besøkende.
Perry Bjørke
Saudehaudfest (28.09.2007 kl. 21:38)
Du får følge med Rune.
Eg har lurt på kor mange som liker saudehaud.
Har dei ynge smakt saudehaud?
Høyrer gjerne frå dere.
Eg får saudehauda frå Voss både flodde og svidde over ild.
Eg var mest vant til flodde men eg kjøpte svidde haud til jul og det var kjempegodt.
Kunne tenkt meg å kjøpt inn 50 haud og både inn 50 saudehaudelskera.
Musikk og dans så klart.
Eg får sjå kva eg får til.
Perry Bjørke
Grøne fingrar (28.09.2007 kl. 21:27)
Dei grøne fingrane vil ikkje eg lyge på meg. Då må vi nok gå ein generasjon opp.
Gler meg forresten til saudehaud på Bjørke.
Rune Sæbønes
Urter m. m. (28.09.2007 kl. 16:41)
Perry sin meny med assortert utvalg fra vilt og egen avl kan få "tennene til å løpe i vann."
Men jeg savner noe representativ fra fjord/elv på a la carte lista di, Perry!
Hva med S.S, eksempelvis?
Ja, urter som er mindre robuste bør en ta inn i varmen. Som gressløk og persille med flere.
Men "urteolog" Rune.
For å være sikker kan du ta inn et et eller flere eksemplar fra hele kjøkkenhagen din.
Plant de i krukke og la de stå i kjøkkenvinduet. Då har du friske urter hele vinteren.
Gledelig overraska over dine grønne fingrer, forøvrig.
Balkongen på Sæbøneset med flotte sommerblomster biter jeg meg alltid merke til på spaserturen etter børsen på Bellingen.
Helge Strand
Høst og full fryser. (28.09.2007 kl. 04:48)
Har fått hjortkjøttet i fryseren.
Nå mangler berre fårekjøttet og saudehauda.
Eg gler meg til å fylle gryta med saudehaud og farikål.
Når eg var barn var saudespelen toppen av snadder.
Blodpannekaker var supert også med sukker på.
Mykje man har mistet etter at heimeslaktinga er vekk.
Ikkje får man det gode saltakjøttet heller som var grønt inne ved beinet etter lang tid i saltstampen.
Eg blir kjøtsvolten kvar haust.
Fint høstver og godt kjøtt er topp .
Kanskje byr eg dere inn til fest med saudehaud seinare.
Perry Bjørke
Urtene bør nok inn (27.09.2007 kl. 21:58)
Urteeksperten her i huset (Kirsten) meiner at du bør ta inn urtene dine Rune, dersom det vert nattefrost.
Alf Ole Aarseth
Frys urter? (27.09.2007 kl. 21:23)
Korleis er det med urter. Frys timian og estragon? Eg har lyst å nytte meg av ferske urter også når det vert mørkare tider. Bør dei inn?
Dei har forresten tålt regnveret svært godt.
Rune Sæbønes
Nattefrost? (27.09.2007 kl. 21:05)
I kveld kan det være lurt å redde inn planter som ikke bør fryse. + 2 på Tryset nå.
Kari Stokke