Forhåpentligvis kjem det andre parti også. Senterpartiet synest det er viktig å knyte kontakt med veljarane også utanfor sentrumsområde og høyre deira synspunkt i forskjellige saker.
Hjørundfjordportalen » Lokalt » Sp har stand på Sæbø laurdag
Sp kjem til å ha ein stand på Sæbø på laurdag.
SP sin ordførarkandidat vil kome til Sæbø laurdag føremiddag. Det vil også være eit par andre frå Sp til stades.
Forhåpentligvis kjem det andre parti også. Senterpartiet synest det er viktig å knyte kontakt med veljarane også utanfor sentrumsområde og høyre deira synspunkt i forskjellige saker.
Kommentarar
På førre laurdag var eg absolutt tilstade då SP,AP og FRP var representert på Sæbø.
Ein stand nr. 2 er kanskje vona om at ein ordførarkandidat skal vakne til live?
Vedk. var på Sæbø i allefall like taus (og uvitande?)om Hjørundfjorden sitt ve og vel som i førre periode. Men det er vel kanskje fleire stemmer,taktisk, å hente i sentrum for ein ordførarkandidat...?
Med no SP sin "endå ein gong" reknar eg med at dei tek med seg Venstre, Høgre, Kr.F og SV.
Avdi eg hadde ein 2 timar lang diskusjon (skulering frå meg?) med ein hyggeleg og lyttande ordførar, fekk eg ikkje stilt grunngjeve spørsmål til SP.
Det får eg no nok eit høve til.
Skulle eg imidlertid måtte vere fråverande, kan eg kanske tillate meg her og no.
Kvifor snudde SP si gruppe i noverande kommunestyre 2 dagar før avstemminga on nasjonal laksefjord/elv frå eit ja til nei?
Som førte til at Ørsta kommunestyre som den einaste høyringsinstansen saman med oppdrettsnæringa gjekk imot nasjonal status for Hjørundfjorden og Bondalselva?
Som medførte/Hjørundfjorden vart at Bondalselva
Lukke til, Unn! Og flott at du stiler på stand lørdag.Kanskje vert det solskin når du kjem!
Det siste møtet var no på Hjørundfjordagene.
På Bjørke har det ikkje våre møte eller stand før valget.
Bortsett frå Ordføreren då som var her en dag og slo av en prat med nokre.
Vil partia ha våre stemmer?
Hjørundfjorden treng ei politisk "revitalisering." Då treng vi nye, unge representantar.
På Vartdalstranda og i Ørsta sentrum vert det mobilisert for nett deira kandidatar. Kva gjer vi her i Hjørundfjorden?
Ein politisk debatt på portalen er fråverande.(Nett som debatt om kystsoneplanen var det.)Bodil og Unn er tistades, men dei allereie valde representantane er fråverande.
Apropos Vartdalstranda. Dei er overrepresenterte nett p.g.a listeaksjon ved førre val.
Eg fryktar det same i år.For Hjørundfjorden er det ikkje eit ønskja resultat, men vi kan kanskje "avverge" det om fleire nok ønskjer det.Listeaksjon er vel ikkje aktuell, men vi kan demme opp.
Eg tillet meg å oppmode om at uansett liste ein vel, nytt baksida. Før opp kandidatar frå Hjørundfjorden!
Her må ein tenkje kandidatar, ikkje parti i første rekke.
Eg deler din frustrasjon Perry, men det speglar vel realitetane. Politikarar flest er ikkje så opptekne av utkantane. Det gjev meir status å kjempe for sentrum.
Rett skal vere rett. Ordførar Myklebust tok seg tid til ein tur til Bjørke. Som han ved eit par tre høve har gjort her på Sæbø. Nett av den grunn gav eg ros til han førre laurdag på FRP sin stand.
Dessutan var han engasjert og virka oppriktig interessert i våre synspunkt.
Men det endra ikkje mi politiske oppfatning!
Eg fekk snakke med ordførerkandidaten til Arbeiderpartiet i Volda.
Diskuterte kultur og andre ting.
Vi diskuterte Fylkespolitikk også.
Fylkesordføreren har eg snakka med om kultur i telefonen.
En grei kar å snakke med og intrisert i sakene eg la fram.
Kanskje fekk dei stemma mi på grunn av møtet i Austefjorden.
Kven veit?
Men det var i Volda.
Har Abeiderpartiet sin ordførerkandidat våre på Sæbø?
Eg såg at en ordfører ute på øyene tok sjølvkritikk på fjernsynet i dag.
Der også hadde det våre lite møteaktivitet.
I bygdemobliseringa er det å vere annleis eit honnørord.
Aksepeterer Unn at det går an å etablere seg på Sæbø for å pendle?
Kva meiner Unn om høgkompetansearbeidsplassar?
Kan nokon på Sæbø ha meiningers rett utan å vere tilknytt bondelag og Sp?
Aksepterer Unn at andre parti har gode løysingar for Hjørundfjorden? Det kan godt hende Sp har dei beste løysingane, men eg føler litt meiningsterror her. Faktum er vel at Sp har styrt Ørsta dei siste tjue åra, og folketalet i Hjørundfjorden har stupt.
Eg føler at Bodil er mykje meir open på desse spørsmåla. Men kanskje tek eg feil.....
No må eg først seie at eg foreløbig må melde fråfall på standen fordi eg vakna stemmelaus i dag, men det kjem likevel to andre. Tenkte eg skulle svare på spørsmåla du har grubla på i natt;)
bygdemobliseringa er det å vere annleis eit honnørord.
Aksepeterer Unn at det går an å etablere seg på Sæbø for å pendle? -JA, sjølvsagt! Det er veldig bra at folk vil busetje seg på Sæbø. Dette opnar for eit mangfald og ei oppretthalding av dei tilboda som er på Sæbø.(td helsestasjonen, doktoren, biblioteket , banken mm) No når dei som lever av gardsbruk vert færre og færre er det viktig at ein er opne for nye idear og tankar som kan være med på å auke sysselsetjinga på bygdene, ikkje berre Sæbø. Turisme er på god veg inn no, og sjå berre på tilboda som Rekkedal Gjestehus og Christian Gård. Det eg skulle ynskje vart ei sak nasjonalt er at pendlarar som bur slik til må få meir tilbake på skatten for denne pendlinga!
Kva meiner Unn om høgkompetansearbeidsplassar?
- Ny teknologi gjer at dette vert meir og meir mulig utanfor byane. Dette er kjempebra. Det vert meir attraktivt å bu i utkant-stroka, og det kan være med på å fremme at ungdommen kjem tilbake til bygda etter endt utdanning og etablerar seg der.
Kan nokon på Sæbø ha meiningers rett utan å vere tilknytt bondelag og Sp? - Viss det spørsmålet kjem fordi du har ei oppfatning om at eg meinar det er slik er det leit. Eg er med i SP fordi dei har ein politikk som støttar mest opp rundt mine private synspunkt. Her må ein tenke heilheit og kva som er det beste for samfunnet. Sjølvsagt kan andre ha meiningars rett sjølv om dei ikkje er frå bondelag og Sp! Eg håpar igjen det ikkje var den statua som....
Aksepterer Unn at andre parti har gode løysingar for Hjørundfjorden? Det kan godt hende Sp har dei beste løysingane, men eg føler litt meiningsterror her. Faktum er vel at Sp har styrt Ørsta dei siste tjue åra, og folketalet i Hjørundfjorden har stupt.
- Viss andre har gode løysingar for Hjørundfjorden er det kjempebra! Noke anna kan ein sjølvsagt ikkje meine. Har eit anna parti eit godt forslag som tener Hjørundfjorden så er det berre å stå på, mest sannsynleg vankar det då støtte fra SP! Når det gjeld folketalsnedgongentrur eg dette er ein trend som ikkje berre gjeld i Hjørundfjorden. Eg har gjort meg litt tankar om dette. Elevtalet på Sæbø har gått drastisk ned. Dette har ikkje berre med at færre vil busetje seg på bygdene. Det har også med at folk får færre ungar enn før. Då kjem vi tilbake til dette med at ein må opne for anna enn primær-næringar for at fleire skal busetje seg.
Så andre parti som har gode idear på for all del kome med dei, og også få utført dei om det er det beste for Hjørundfjorden. Eg er ikkje i tvil om at t.d Bodil arbeidar for at Hjørundfjorden skal være ein god stad å bu no og i framtida. Likevel må eg tilslutt streife innom dette med oppdrett. På Frp kunne det nesten høyrest ut som om dei kunne være opne for oppdrett om berre ein kunne tene gode pengar på det. Der må SP berre setje ned fote å seie NEI! Det vil vi ikkje ha, det er det same som å kvitte oss med noke av arvesølvet vårt som fortsatt glinsar litt i elvane. Villaksen er trua nok om ikkje vi skal ta nådestøytet på han i vår eigen fjord.
Som sagt er eg ganske stemmelaus i dag. Mandag skal eg likevel stemme og det blir utan tvil Sp og det håpar eg fleire gjer med meg. Les likevel partiprogramma som skal ha kome i posten og gjer eige valg!
Senterpartiet med hjarte for HEILE Ørsta!
Nokre har vi angra i etterkant.
Sett deg inn i sakene godt før kommunestyra og ikkje la andre påverke standpukt du har tatt.
Ver sikker på kva du stemmer for eller i mot.
Om du må gå i mot Partigruppa di så er det lovligt.