Han kjøpte den i haust - Jan Odden.  Det vi snakkar om er ein seglbåt, ein 29-fots King-Cruiser, 1962 modell.  Sjølvsagt er det ein trebåt.   Ikkje ein vanleg trebåt, nei. Byggematerialet er mahogni, får vi vite.  Denne båten har sjel, seier Jan Odden til hjorundfjord.no.

At Odden har kjøpt ein eldre båt, overraskar nok ikkje.  Mange av oss har møtt han på riksvegen, køyrande i ein eldre militærjeep.  Odden fortel vidare at han har hatt ein fantastisk dag på Hjørundfjorden.  Han har ikkje vore så langt - han har halde seg i området rundt Lekneset.  Og her har han fiska.  Klokka 1630 hadde han fått ei kasse med storsei. 

IMGP0372 (Large)

IMGP0375 (Large)

IMGP0374 (Large)

IMGP0377 (Large)

IMGP0378 (Large)

Elles stor takk til Oddvar Olsen og M/S "Hjørundfjord" - fartyet det er fotografert ifrå.