Espen Frøland opna skåringsballet i slaget i Hjørungavåg. Han klinka inn eit skot frå tretti meter, og var også banens beste saman med Terje Haugen Øye.
Kampen gjekk utruleg nok på gras i Hjørungavåg. Bana var svært regntung, og det var mykje overflatevatn. Det skulle vise seg å verte ein føremon for Sæbø.
- Ja, det vart det. Før i år når vi har leia mykje, har spelarane byrja å føre ball, og vil gjere det åleine. No tillet ikkje baneforholda dette, og vi spelte ball i nitti minutt. Det gjorde at vi vann 11-0, fortel trenar Jan Kjetil Holen.
Han meiner kampen vart den beste Sæbø har spelt så langt i år. Laget dominerte frå start til slutt, og spesielt var flanskespelet godt.
Måla kom ved Terje Haugen Øye (5), Espen Frøland, Yngve Frøland, Bjørn Egil Espenakk, Marius Riise (2) og eit sjølvmål etter corner. Det var 4-0 til pause.
Espenakk skåra forresten på straffespark. Han vart sjølv felt, og på den gjørmete bana medførte det at han vart heilsvart og klissblaut. Vanlegvis skal Stig Harald Myklebust ta straffesparka for Sæbø, men no synest dei andre så synd på Espenakk at han fekk ta straffa sjølv.
Den siste heimekampen for sesongen, og der Sæbø kan setje all teori til sides, er mot Moltustranda laurdag 6. oktober. Med siger der er Sæbø garantert opprykk. Uansett har laget sikra seg minst kvalifiseringsplass.
Marius Riise fornektar seg ikkje. To nye mål for Sæbø-spissen.
Vi avsluttar med to quizar, men der fasiten ikkje er heilt kjend.
1) Terje Haugen Øye skåra fem mål. Kven andre Sæbø-spelarar har skåra fem mål i ein og same kamp i moderne tid.
2) Er 11-0 den største bortesigeren Sæbø har teke i seniorsamanheng?
Tabell 6. divisjon finn du på linken under. Hyggjeleg lesnad:
Kommentarar
Vidare trur eg definitivt at 11-0 er den største bortesigeren i a-lagssamanheng.
Normann Dimmen skåra 5 mål i 6-0 sigeren på heimebane mot Larsnes i 1988. Arnten fekk lov å skåre det sjette...
Jarle sine 5 mot Rovde i 1979 er bankers !
Gratulerer så mykje til Sæbø med ein utruleg sterk bortesiger, no må dykk gå for KM
og velkomen Terje Haugen Øye; til denne eksklusive 5-måls klubben :)
1:Kor stor e den største seieren??
(trur ej he vor me på en 15-1 seier??)
2:Kor monge mål he en spelar hatt i en sesong??
(du enda vel på 25 mål sesongen før du gikk til Ørsta??)
Kjellis har statistikken frå 90-talet, men eg stiller meg sterkt tvilande til at kjellisbror har putta heile 25 mål på ein sesong... det må i såfall være inkludert tvilsame treningskampar mot f.eks Håvoll B-lag, Dalsfjorden old boys, Mork 3 og Barstadvik Jr lag :) he he, men me får sjå..
Legg merke til at Johan Hjellen var ein ivrig målskårar for Sæbø tidleg på 80-talet, og at ringreven Lasse Sæbønes putta jevnt og trutt gjennom heile 80-talet.
1979 - 1 plass i 6.div - KM tittel:
1. Johan Hjellen - 14 mål
1. Torleif Håndlykken - 14 mål
3. Jarle Walseth - 11 mål
1980 - 1 plass i 5.div - KM tittel:
1. Johan Hjellen - 13 mål
2. Jarle Walseth - 10 mål
2. Einar Myrold - 10 mål
1981 - 12 plass i 4.div - Nedrykk:
1. Johan Hjellen - 6 mål
2. Tor Nordang - 5 mål
3. Einar Myrold - 5 mål
(her manglar eg statistikk på 6 mål frå dei 5 siste kampane, men truleg var det desse 3 som likevel var på topp)
1982 - 5 plass i 5 div:
1. Johan Hjellen - 16 mål
2. Einar Myrold - 12 mål
3. Ole Petter Myklebust - 7 mål
1983 - 3 plass i 5 div (tapte kvalik mot Aksla):
1. Roger Holen - 10 mål
2. Tor Nordang - 6 mål
2. Lasse Sæbønes - 6 mål
1984 - 8 plass i 5 div:
1. Tor Nordang - 5 mål
1. Lasse Sæbønes - 5 mål
3. Torleif Håndlykken - 4 mål
1985 - 11 plass i 5 div - Nedrykk:
1. Torleif Håndlykken - 9 mål
2. Lasse Sæbønes - 7 mål
3. Jens Forbord - 5 mål
1986 - 2 plass i 6 div-tapt kvalik mot Hundeidvik:
1. Lasse Sæbønes - 12 mål
2. Odd Erik Engtrøen - 5 mål
2. Audun Lyshagen - 5 mål
1987 - 4 plass i 6 div:
1. Normann Dimmen - 17 mål
2. Alf Ole Aarseth - 14 mål
3. Lasse Sæbønes - 10 mål
1988 - 1 plass i 6.div - KM tittel:
1. Normann Dimmen - 14 mål
2. Arnt Egil Hjellen - 13 mål
3. Lasse Sæbønes - 6 mål
1989 - 10 plass i 5 div - Nedrykk
1. Lasse Sæbønes - 13 mål
2. Svein Sæbønes - 5 mål
2. Alf Ole Aarseth - 5 mål
2. Normann Dimmen - 5 mål
Dersom ein tek med både serie/cup og treningskampar så putta Normann Dimmen heile 31 mål i 1988 og Lasse Sæbønes putta 25 mål i 1989.
Tusen takk for strålande svar,ej rekna me Kjiil kjem me et kjempesvar han også?? He-He
1991 - 12. plass i 5. div - Nedrykk:
1. Svein Sæbønes - 13 mål
2. Rolf Egil Riise - 4 mål
3. Svein Ove Walseth - 3 mål
1992 - 3. plass i 6. div - Nedrykk! (Pga. oppretting av ein divisjon ekstra. Tapte kvalik mot Norborg og Haddal) :
1. Bjørn Ove Srand - 19 mål
2. Svein Sæbønes - 13 mål
3. Kenneth Nydahl - 6 mål
1993 - 1. plass i 7. div - KM-tittel:
1. Lasse Sæbønes - 14 mål
2. Bjørn Ove Strand - 11 mål
3. Rolf Egil Riise - 10 mål
1994 - 1. plass i 6. div - KM-tittel:
1. Bjørn Ove Strand - 15 mål
2. Svein Sæbønes - 12 mål
3. Rolf Egil Riise - 8 mål
1995 - 5. plass i 5. div:
1. Kjell-Johan Aarseth - 13 mål
2. Bjørn Ove Strand - 9 mål
3. Svein Sæbønes - 8 mål
1996 - 1. plass i 5. div - KM-tittel:
1. Kjell-Johan Aarseth - 23 mål
2. Bjørn Ove Strand - 9 mål
3. Svein Sæbønes - 8 mål
1997 - 10. plass i 4. div:
1. Bjørn Ove Strand - 10 mål
2. Odd Rune Walseth - 6 mål
3. Kenneth Nydahl - 5 mål
1998 - 12. plass i 4. div - Nedrykk:
1. Kjell-Johan Aarseth - 12 mål
2. Bjørn Ove Strand - 6 mål
2. Bjørn Egil Espenakk - 6 mål
1999 - 8. plass i 5. div:
1. ?
2. ?
3. ?
Ingen tvil om at Bjørn Ove strand spelar hovudrolla i Henrik Ibsens "Gjengangere" på 90-talet i alle fall.
Men ej trur ej he me fleire på at d va utruli kjekt å sjå heilt tilbake til tili 80-talet..
Imponerande av Aarseth-brødrene!!!
Vi he igjen 4 kampar so der e ting so kan skje enda,men Marius Riise ligg godt ann sida Kai Arne stakk på kjærleiks-ferie til Asia i 2 måna!!
1999 - 8. plass i 5. div:
1. Bjørn Ove Strand 10 mål
2. Bjørn Egil Espenakk 6 mål
3. Normann Dimmen 4 mål
(manglar 8 mål frå 5 seriekampar dette året.)
Etter å ha lese kjapt gjennom sportsarkivet på portalen finn ein også tala frå 2006:
2006 - 4. plass i 6. div:
1. Marius Riise 15 mål
2. Jomar Leknes 8 mål
3. Terje Holen 4 mål
(her manglar tre av dei fire første seriekampane. Kvamsøy (3-2), Gjersdsvika (1-1) og Åmdal (1-3). Nokon som hugsar?)
1970: Rolf Strand, 8-0 mot Hundeidvik
1979: Jarle Walseth, 10-0 mot Rovde
1987: Alf Ole Aarseth, 11-1 mot Moltustranda
1988: Normann Dimmen, 6-0 mot Larsnes
1994: Svein Sæbønes, 11-0 mot Haddal
2007: Terje Haugen Øye, 11-0 mot Hjørungavåg
I tillegg meiner Helge Strand at Johan Hjellen har skåra 5 mål i ein seriekamp på 70-talet. Kanskje hovudpersonen sjølv hugsar år og kamp ? Eller "bøtta" Johan inn så mange mål for Sæbø i det tiåret at det var vanskeleg å halde styr på alle måla :)
Johan skåra iallefall 5 mål i treningskamp mot Vartdal i 1979 (7-4) og Tor Nordang skåra 5 mål i jumbofinalen mot Flatraket i Selje-Cup 1984 (7-2)
Men treningskampar og cupkampar tel ikkje i 5-målsklubben, det vert for useriøst :)
Helsing den andre "statistikk-nerden" framma i Årseth !!