Marius og Terje

 Terje Stokke (t.v.) og Marius Riise skåra igjen for Sæbø.

Sæbø vann altså kampen mot Åheim. Mange plar sjekke resultata på speaker.no, og der står det at Åheim vann 3-1. Det er altså feil.

 

Rett nok tok Åheim leiinga, men 1-0-målet laget fekk eter eit kvarter, var det einaste laget fkek i kampen.

Terje Haugen Øye utlikna for Sæbø etter tjuefem minutt. Ballen kom inni feltet, og Haugen Øye fekk raskt kontroll og skåra sikkert.

Ti minutt seinare tok Sæbø leiinga. Sæbø fekk frispark, og Terje Stokke skaut ein innøvd variant i mål.

Det var fortent at Sæbø leia til pause. Det var Sæbø som styrte kampen og hadde dei fleste sjansane.

Etter sytten minutt i andre omgang gjekk Sæbø opp i 3-1. Marius Riise skåra i kamp med ein Åheim-forsvarar.

Utover i omgangen pressa Åheim, men det vart  ikkje fleire mål. Dermed tre nye Sæbø-poeng.

Neste kamp for Sæbø er mot opprykksrival Bergsøy2. Kampen går på Sæbø stadion laurdag eller søndag. Det vil kome nærmare melding om dette.