Sæbø vann ein fortent siger mot Bergsøy2. Laget tok tak i kampen frå start. Utover i første omgang vart målsjansane berre større og større. Ein gong var ballen truleg inne utan at det vart dømt mål av dommar Lars Johan Hammer frå Vartdal TIL.
1-0 til Sæbø kom etter 32 minutt, og det etter eit svært godt angrep. Sæbø kom kjapt opp langs høgresida, og ballen gjekk raskt frå spelar til spelar. Til slutt var det Terje Haugen Øye som la til Marius Riise, og han skåra frå ti meters hald.
Fem minutt før pause fekk Bergsøy2 eit frispark dei ikkje skulle ha hatt. Rett nok var det ei felling som kvalifiserte for frispark, men i trekket før stod ein Bergsøy-spelar i soleklar offside. Uansett, Bergsøy utlikna på frisparket frå sytten meter.
Men rett etterpå tok Sæbø leiinga igjen. Igjen kom Sæbø kjapt på høgresida, og Yngve Frøland fek ballen på tjue meters hald. Vakkert skaut han over Bergsøy-målvakta og i mål.
Andre omgang var jamnare, og det vert Bergsøy som hadde ballen mest. Laget skapte likevel kkje dei store sjansane. Sæbø sitt forsvar spelte godt.
Mot slutten av kampen sette Bergsøy2 inn eit veldig trykk, men fem minutt før full tid kom Sæbø på ei eventyrleg kontring. Ei langpasning hamna hos Øyvind Wille, og med sin følsame venstrefot lobba han ballen elegeant over Bergsøy-målvakta og i mål.
Dermed stod det 3-1 til Sæbø, og Bergsøy2 resignerte.
No er opprykkssjansane til Sæbø gode. Held laget fokus, kan det heile verte avgjort i sesongens siste heimekamp mot Moltustranda. Det fordrar at Sæbø vinn bortekampen mot botnlaget Hjørungvåg som er første oppgåve for Sæbø.
Helst bør Sæbø ha avgjort dette før sesongens siste kamp, som er borte mot Tjørvåg. Også Tjørvåg er med i teten.
Sæbø 17 13 2 2 66-35 41
Flø 17 11 3 3 67-30 36
Volda 2 16 11 1 4 55-28 34
Tjørvåg 17 10 4 3 61-38 34
Bergsøy2 16 10 0 6 56 - 33 30
Gjerdsvika 17 8 2 7 43-44 26
Åheim 17 7 2 8 38-49 23
Kvamsøy/ÅVK 2 17 5 1 11 38-60 16
Hødd 3/Hasundgot 17 4 1 12 36-71 13
Moldtustranda 17 2 3 12 30-50 9
Hjørungavåg 16 1 1 14 30-82 4
Kommentarar
Stå på vidare! Inga tid for å kvile og slappe av no når opprykket e so nærme...
Så til tevlinga: Eg hugsar ikkje årstalet no, men er eg inne på rett spor viss siste KM-tittel for A-laget var same året som det vart KM-tittel i sjuar smågut?
Kapteinen spelte forresten sin kamp nr 500 det året...
Kapteinen må være enten Lasse Sæbønes eller Rolf Egil Riise. Er vel berre desse 2 som har runda 500 kampar for Sæbø.
Og begge 2 kan vel karakteriserast som staute, eller var staute :)
Hugsar ikkje når desse 2 gamlingane la opp, men eg tippar Smurfen var kaptein i 1998 ?
Rune: Du skal en tur dit ja. Trur ikkje det passar inn for min del i dette tidsrommet på grunn av skule diverre... Litt synd med tanke på kor nærme to Hjørundfjordingar er eit møte i Karibien! Du for ombooke og legge inn en snarvisitt til Dom. Rep når du først er i område:)