For å kome til Rovde måtte vi ta ferja Volda-Lauvstad, så eg sjekka ruta og såg at det gjekk ei kl.15.40 og den skulle vi ta. Eg hadde også sjekka på Fjord 1- MRF sine side at ”Kvernes” gjekk i denne ruta, så eg gledde meg til å sjå att ferja som gjekk på Hjørundfjorden ifjor sommar. Vi for i 3 tida og køyrde over Krøvelseidet til Volda. Då vi skulle stille opp såg eg at ferga hadde salong oppe, men det var ikkje ”Kvernes”, men ”Geiranger” , pussig sammentreff? Det bles ein del, og eg måtte ut på kaia, for pappa sa at eg måtte ta nokre bilde viss eg skulle skrive. Så eg gjekk avstad og tok ditta her bilde og fleire:
Her legg B/F Geiranger til med Volda
Vi køyrde om bord ferja, og eg sprong opp i salongen for å sjå korleis den såg ut, eg sprong også opp på øverste dekk. Deretter gjekk eg ned att på bildekket for å sjå korleis pappa hadde det, han snakka i telefon(som vanlig)klokka begynte å bli litt seint etter ruta. Eg gjekk opp på dekk igjen, og då begynte motoren å bromme og ferja la opp baugenporten, og la frå kai. Årsaka til forseinkinga var at ferja venta på ein ambulanse. Ferja snudde seg heilt om til Styrbord(høgre) å ga full gass med kurs mot Lauvstad, ej gjekk opp på soldekket, og då kom pappa. Han kom for å sjå etter meg og vi gjekk ilag opp på soldekk. Han likar å ta bilde, så han sa at vi måtte ta litt bilde for å ha som minne om dinna her turen.
Som vanleg når eg er på ei ferje så har eg lyst opp i styrehuset. Pappa sa at det berre var å banke på døra og spørje fint kapteinen, det. Kapteinen såg ut til å være ein koseleg kar og berre nikka når eg spurde. Då eg gjekk inn såg eg at det var kontrollpanel i kvar ende, noko som ikkje er på ”Nørvøy” som eg fekk lov å styre av kaptein Roy Lillebø for ei tid sidan.
Eg gjekk bort og såg kva kapteinen styrte med, han satt berre å slappa av og styrte. Så sa pappa at vi måtte ha nokre bilde av meg og kapteinen. Då sa kapteinen: ” men då må jo du sitte her” i kapteinstolen!
Då fekk eg styre sjølvaste B/F ”Geiranger”, det var dagens høgdepunkt!!!
Her styrer eg B/F Geiranger mens kapteinen fylgjer nøye med og gir ordrer.
Vi kom fort i prat og kapteien sa at ”Geiranger skulle ut av sambandet etter Nyttår og at NOR-ferjer(dei eig også ”Folkestad” )skulle sette inn ei ny ferge. Dette var jo interessant å høyre tenkte eg.
Turen gjekk mot slutten og pappa gjekk ned til bilen, han sa at eg berre kunne vere her når kapteinen la til kai. Eg ropte til han at han måtte ta eit bilde av GA-planen til ferja(dette er plantegninga av ferja som heng i alle ferjer), det er kjekt å ha viss man skal lage 3D-modell eller tegne ei tegning av ”Geiranger”. Kapteinen måtte snu om ferja når han skulle legge til, først opna han løftebaugen, og la til kai, det var ikkje noke dunking når han la til, så det måtte tyde på at han var ein like god som han var ein kjekk kaptein. Eg takka for at eg fekk komme inn og sprong nedatt på kaia, og inn i bilen igjen, så køyrd vi utover stranda, for å sjå etter ærverdige gamle B/F ”Geiranger”.
Etter ei stund vi hade kjørt såg, vi noke borti med eit oppdrettsanlegg, det var ein lektar med styrehus, kunne det vere den? Pappa sa at den låg på grunn, men etter ein kikk med kikerten såg eg at det var berre ein ny lektar med styrehus og med ein liten slepebåt ved siden av seg. Etter litt til såg vi noke med ei kai, det likna på ei ferje kunne det vere B/F ”Geiranger”? Vi måtte undersøke ditta nærmare, vi stoppa bilen. Eg sprong ned på kaia, no var eg kjempeheldig som fekk sjå gamle B/F Geiranger då såg eg styrhust som låg på ”land”. Eg gjekk ned til kanten einaste som var der var eit jern-rekke, eg såg ingenting, men plutseleg forsto eg at eg sto på den! Då vart eg litt skuffa at dei hadde gravd den inn i kaia. Og styrhuset sto opp på ”lektaren”, eg gjekk akter(bak), der var dekksplankane intakte! eg gjekk inn i styrehuset, restar etter taket låg ned i dørken når eg gjekk inn bakifrå. Men eg vart så skuffa då eg kom inn i sjølve styrehuset, her stod berre igjen rorstamma og masse rusk, vindua var knust og alt inventar var vekk. Eg såg også litt inn i bestikklugaren men gjekk ikkje så langt.
Her er tre dekket forsatt inntakt. Styrhuset ser slittinvendig. Det gjer det også utvendig.
Deretter gjekk eg litt på dekk då seg eg ”luka” midt i dekket enten så måtta det ha vert ”Casinga”(der skorstein, trapper og lufting går inngjennom) eller ei luka fra den tida den var sandlektar. Etterpå fann eg både ankerkjettingen og ankervinsja, men ikkje ankeret. Eg fann også baugen men den låg nedegravd og i sjøen. Eg gjekk bak til akterdekket og prøvde å sjå korleis rekka gjekk, det var litt problem å orientere seg for det at det låg eit styrehus av ein fiskebåt og rekka var nedgravd. Men så for pappa og tok nokre bilde bakaifrå og sa at vi måtte gå, men eg måtte ta eit siste farvel til æreverdige gamle B/F ”Geiranger” dette er kanskje siste gong vi ser den før dei dumpar den ned med grus. Ein ting eg synst burda vorte gjort er at dei tek å restaurerer styrehuset og sette det på museum!
her er ankervinsja. her er "lektaren" framaifrå. Kvar er navnet "Gerianger" Skal tru?
Her er "Geiranger" akter ifrå. Eit siste fravel.
Istaden for å skrive alt historie om ”Geiranger” legg eg berre inn historia scanna ifrå boka ”Om Samferdsel i Møre og Romsdal del II” + eit bilde eg har henta frå Fylkes galleriet.
Historia til "Geiranger" . Eit Historisk bilde.
Forliset og brannen til "Geiranger" . "Geriranger" på Geirangerfjorden.
Deretter for vi til Syvde å fylte bensin og snopa. Då gjekk turen heim rundt Dalsfjord og Austefjorden.
Når eg var heime sette eg med ned å skreiv ditta stykke
*Eg leiter etter bilde av den gamle Hjørundfjordferga Vestra (ex. Trygge) til ein artikkel eg skal skrive om den. Har du eit bilde så kan du sende det til meg på epostadresse: sondre(alfakrøll)sunnmore.net
Kommentarar
Plutselig ser jeg oss oppe på soldekket inn gjennom Geirangerfjorden med "Seterjentens søndag" rungende fra høyttalerne . Der ble det ikke spart på konfekten ! Glade turister nøt ferjeturen om bord i praktferja (den gang. Stor og flott,syntes jeg .)En gang var jeg inne i Styrhuset. Kapteinen (Viddal ?) inviterte oss inn. Jeg fikk et stort kjede rundt halsen. Det var kronestykker med hull i tredd på ei lang snor.Jeg fikk dem ,og ei god stund der inne trodde jeg at jeg var blitt ustyrtelig rik. Så fikk jeg styre båten. - Lett, tenkte jeg. Plutselig tok jeg en krapp sving for å føle at jeg hadde kontrollen, men da forsto jeg at kapteinen hadde passet på meg med foten hele tida ! Og bra var det. Pengekjedet fikk han tilbake , men jeg hadde det ekstra morsomt på denne spesielle ferjeturen!
Kulturvernlaget er interessert i alt som er frå Strandabøen då Tussa er igong med å sette tunet i stand att, og treng alle dei opplysningane som kan skaffast.
Du vil nok sikkert få ein kommentar etter skuletid i dag.
Mvh
"Geiranger" var i alle fall ei mye bedre ferge enn "Hessa" som gikk B-ruta på det strekket. Sistnevnte tålte ikke stort mer enn frisk bris før den vogga som ei skikkelig balje. Når stormene blåste, husker jeg at ho mor nektet å reise til byn på annet enn "Geiranger" :)
Seinae i livet laga det seg slik at ein gong i veka ei viss periode hadde eg mine faste tur forbi Volda mek mens dei bygde den nye Geiranger. Spennande å sjå kor skroget og heil båten voks fram! Var heldig og kom forbi med det same dei hadde sett ho på sjøen og ferja var full av dei på Volda mek som stod på dekk og langsmed rekka i arbeidskleda. Etter det har også eg rekna "Geiranger" som "mi ferje".
Når ferjene begynte å komme, hang ofte bilen med hjulene så vidt innfor kanten. Jeg drømte mange ganger at jeg kavet inne i en bil som var falt på sjøen enten fra ei ferje eller mens vi rygget på en mini-snuplass eller ei kai. Heldigvis er det ikke slik lenger nå.
Ferja hadde ein fantastisk motor som her ikkje fanst makan til. Motoren var saktegåande og hadde ei fin gange. Maskinisten og smørjar ombord, var i mange år sambygding Nils Bjørke som er i dag busett i Frei. Sverre vil absolutt anbefale Sondre å snakke med han på telefonen, for å få vite kva slags maskine dette var, og det vil den gamle maskinniste sette pris på.
Skipperane om bord var dei aller beste vi hadde Paul Viddal frå Strandabøen, Oddmund Johnsen frå Ørsta og Øye frå Stranda. Paul vart seinare flaggskipper på kystbåten Jotunheim. Han var ikkje heilt sikker på Johnsen, men han var også ein kjend skipper på dei beste båtane.
Sverre ynskjer Sondre lukke til videre og det er berre å ringe viss han kan hjelpe til med noke, men berre skriv på portalen for her les han kvar dag, seier han.
Eg har gamle kaipapir liggende.
Eg skal sjå om eg finn fraktebrev med Geiranger navnet på og kva ho hadde med til Bjørke eller i frå Bjørke.
Ferga var utstyrt med den fantastiske motoren ombord som var nemnd av Sverre Bjørke, og dersom han ikkje huska mykje feil så gjekk den ned til 300 omdreiingar i min., og det var nødvendig for når dei manøvrere til fergekaia, så måtte dei vende motoren og det skulle ikkje mange gongane feilast før dei ikkje hadde nok lufttrykk.For å få nytt trykk i tankane måtte ferga ta ei runde på fjorden att. Han huska spesielt kor vanskeleg det var ved kaia på Stranda, for der var det mykje straum. I tillegg til hovudmotoren, som han ikkje kjem på kva produsent det var, var der to lysmotorar og kompressor.
Ferga hadde toppfart på 14knop og var mykje brukt vinterstida i Tafjorden, Straumgjerde, Geiranger og Hjørundfjorden som isbrytar i tillegg til stykkgods. Han var også med ferga til Trondheimsfjorden for minelegging, då den var utkommandert som mobliseringsbåt.
Malvin skulle snakke med ein han kjende om han huska kva slags motor som var ombord, så då skal eg skrive det inn på kommentar.
Malvin Holen har kontakta Sverre Nordang på Øye, som var mangeårig mannskap ombord på Rauma, og også Geiranger. Han kunne opplyse at motoren ombord var ein NoHab 4 sylindra frå Trollhattan i Sverige.Motoren hadde 600-800hk. Ferga hadde marsfart på 12knop og maksfart på 16knop.
NoHab var grunnlagt i 1847 og avvikla i 1986. Dei var kjende for landbruksmaskiner og vassturbinar i begynnelsen, men seinare vart dei storprodusentar av store diesellokomotiv og motorar til skip i tillegg til militærmateriell.
Vi tek gjerne imot meir opplysningar om rutebåtar og skip som har trafikkert på Hjørundfjorden.Sondre Mo er på jakt etter gode bileter av Vestra når den gjekk som trafikkferje på fjorden.
http://www.stp-norway.com/Forumbackup/viewforum.php?f=2
se spesielt denne
http://www.stp-norway.com/Forumbackup/viewtopic.php?t=10213&start=0&postdays=0&postorder=asc&highlight=&sid=6f258966926eb4a321036efc236490e6
som har mye informasjon om m/s Rauma, som gikk på fjorden til 1962
Dette var siste sommeren før Ljøvegen ble åpnet, og fergeruta gikk i to daglige ruter mellom Valldal-Stranda-Hellesylt-Geiranger.
Geiranger startet rutetrafikken fra 1ste juni alene, men fra 15de juni ble i tillegg "Glutra" satt inn i trafikk.
1962 var et år hvor trafikken øket mye, og det måtte stadig settes igjen biler på alle anløpssteder.
Husker at Løndal og Hove stadig vekk ringte fra kontoret på Valldal-kaia til MRF-kontoret i Ålesund og ba om mer fergekapasitet til å ta unna trafikken.
MRF-kontoret ble sikkert etterhvert lei av maset, og kaptein/styrmann ble etterhvert bønnhørt, men på en lite smigrende måte.
Resultatet ble at "Eira" kom for å avløse "Geiranger", og "Geiranger" ble overflødig i den prestisjetunge turistruta, og den som "Geiranger" mer eller mindre hadde opparbeidet siden 1937.
"Geiranger" ble etter dette ydmyket og degradert til å bli hjelpeferge til "Raana" mellom Valldal og Eidsdal.
Det er denne harde skjebnen som er omtalt i van der Post sitt dikt.
Men "Geiranger" sturet egentlig ikke, og gjorde en helhjertet innsats i sin nye geskjeft. Det var stor trafikk i høysesongen, og husker at på en dag fraktet vi circa 500 biler, og det er ikke så verst for en ferge med kapasitet på 16-18 biler.
Som sagt så var dette siste året med turistrute mellom Valldal-Stranda-Hellesylt-Geiranger.
I 1963 ble det åpnet en ny turistrute mellom Hellesylt og Geiranger, og denne ble dette året betjent av "Lauparen". Undertegnede hadde også her jobb som guide 0g billettør.
Kaptein var Petter Erstad, men som ferieavløser kom Paul Viddal ombord, og han hadde tidligere vært en legendarisk kaptein på "Geiranger".
Han var dengang rundt 70 år gammel, og ukene han var ombord i "Lauparen" var hans siste tørn til sjøss. Han hadde vært sjømann hele sitt liv, og startet som ung mann ombord i seilskuter.
Han bodde i Vegsundet, men kona Karoline var fra Strandabøen, så de hadde overtatt en gård der.
Undertegnede har hatt et spesielt forhold til "Geiranger", for hver sommer fra tidlig i 50-årene fikk jeg være med noen dager i turisttrafikken på besøk til min far som var maskinsjef ombord.
Det var et eventyr for en liten gutt å være med på dette, og oppleve å være i nærheten av turister fra alle verdens kanter.
Husker at Paul Viddal vanligvis var kaptein, Jostein Lausund var 1ste styrmann, og Edvard Hove 2ndre styrmann.
Ved ankomst tii stoppestedene brukte Paul Viddal å spille faste grammofon-plater, og ved ankomst til Geiranger ljomet over høyttalerne Alte Kameraden,og tilsvarende Adress Rosenhill ved ankomst til Valldal.
Apropos maskineri, så var hovedmotoren av fabrikat Atlas Polar og bygget av fabrikk i Stockholm. Den var av 2-takts type, 4-sylindret og hadde en ytelse på 640 BHK ved ca. 260 RPM.
mvh
Harald Aarseth