Møre og Romsdal fylke har gjeve løyve til overvakinsfiske etter rømt oppdrettslaks i Bondalselva. Det er Møre-Nytt som skriv dette.
Møre-Nytt skriv vidare at det er elveigarlaget som har fått dette løyvet. Løyvet gjeld frå 18. september og til 1. desember og føremålet med fisket er å kunne registrere innslag av rømt oppdrettsfisk i vassdraga.
Kommentarar
Ei slik registrering er fordømt tull!
Laksen tek seg ikkje opp att fordi ein får ein slik statistikk. Elveeigarlaget må avvise dette!
Det må vere meir nyttige ting å foreta seg enn å gå langs elva å fiske fram mot jul!
Gong på gong gjennom denne sommaren og hausten har det vore stilt spørsmål til det nemnde styret. Ikkje ein pip har hjorundfjord.no sine brukarar fått til svar - trass i at styret har kjøpt inn ein berbar pc nettopp for å kumme informere om elva. Kvar er logikken?
Då styret endeleg vedtok å stenge elva for alt fiske - også for å fiske etter stamfisk - var dei fleste med interesse for elva klar over at det var det einaste rette vedtaket. Elva og dei få laksane som var der måtte få fred slik at vi alle høve kunne få nokre få gytande par med laks i elva ut på hausten. Så opnar styret tydelegvis for overvakingsfiske.
Når eg har stilt spørsmål med nettopp dette fisket så er det sjølvsagt av frykt for at dei gytande para skal verte uroa. Og ikkje berre det - frykta for tjuvfiske er der også. Seinast i går fekk eg ei melding om at det hadde blitt fiska frå piren i elveosen etter at styret hadde stengt elva. Slikt fiske må sjølvsagt hindrast.
For at eg som grunneigar skal vite kven eg evt. skal jage frå min grunn så må eg vite kven som skal gjere dette prøvefisket og kva for dagar det skal skje på. Men styret bryr seg altså ikkje med å svare på slike spørsmål.
Dersom det er slik at leiaren er bortreist, må det vel vere andre i styret som kan svare? Er det problem med å få lagt ut evt. kommentarar, er det berre å ta kontakt.