Ørskog brass har delteke i NM i brass kvart år sidan 1988.
Musikarane held dermed eit høgt nivå og det er vel ikkje noko som er så flott som å høyre på skikkeleg god korpsmusikk?
Etter ei øvingshelg er det kjekt å få framføre nokre musikkstykke offentleg og sidan dei er på bortebane denne helga har dei kontakta lokale korps for å få hjelp til å arrangere musikkafé.
Ørskog Brass vil spele kl. 16.00
Når dei er ferdige vert det høve til å kjøpe seg kaffi og mat. Vi håper på godt frammøte så dette kan verte ei hyggeleg ettermiddagsstund.
Til avslutning vil Sæbø skulekorps og Dalane skulekorps spele.
Begge skulekorpsa har få medlemmar og eit samarbeid har vorte nødvendig for å halde oppe aktiviteten.
Sæbø/Bondal har mange gode musikantar som dessverre har lagt spelinga på hylla. Nokre har framleis instrumenta liggande då dei ikkje heilt greier å skilje seg av med dei; hadde vore litt kjekt å starte opp att med spelinga...?
Gamle og nye hornmusikantar:
Møt opp kl. 16.00 og la deg inspirere!
Kommentarar
De kom 25 stk i går kveld og var klar til innsats. Den gamle korpsmusikanten i meg hadde nesten ikke lyst til å gå derifra.
Jeg gleder meg VELDIG til å få høre dem i morgen!