Tapet til Flø kom noko overraskande, men samstundes er slike lokaloppgjer alltid opne. Det er speaker.no som melder at Flø gjekk på eit tap. Dermed er det ingen andre lag i avdelinga som kan nå att Sæbø sin poengsum.

 

Sæbø har altså spelefri denne helga, og spelarane var budde på å avgjere opprykket komande laurdag mot Moltustranda på Sæbø stadion.

No kan Sæbø spele heilt utan press i dei to siste kampane mot Moltustranda og Tjørvåg (borte).

I femte divisjon vil det verte mange lokaloppgjer neste år. Sæbø møter i alle fall Åmdal og Hovdebygda, og kanskje kan Volda2 også rykkje opp saman med Sæbø. Vartdal rykkjer opp frå femte divisjon.

Siste: 

hjorundfjord.no har no fått stadfesta frå Flø sin trenar at det verkeleg vart tap for laget mot Hødd3/Hasundgot. Dermed er Sæbø i femte divisjon.

Tabell 6. divisjon:

Sæbø                     18 14 2 2 77-35 44

Flø                         19 12 3 4 78-40 39

Volda 2                  17 11 1 5 61-36 34

Tjørvåg                  17 10 4 3 61-38 34

Bergsøy 2               17 10 1 6 56-33 31

Gjerdsvika              17 8 2 7 43-44 26

Åheim                     17 7 2 8 38-49 23

Kvamsøy/ÅVK 2    17 5 1 11 38-60 16

Hødd 3/Hasundgot 18 5 1 12 40-74 16

Moldtustranda        19 3 4 12 33-52 13

Hjørungavåg           18 1 1 16 32-96 4