Tapet til Flø kom noko overraskande, men samstundes er slike lokaloppgjer alltid opne. Det er speaker.no som melder at Flø gjekk på eit tap. Dermed er det ingen andre lag i avdelinga som kan nå att Sæbø sin poengsum.
Sæbø har altså spelefri denne helga, og spelarane var budde på å avgjere opprykket komande laurdag mot Moltustranda på Sæbø stadion.
No kan Sæbø spele heilt utan press i dei to siste kampane mot Moltustranda og Tjørvåg (borte).
I femte divisjon vil det verte mange lokaloppgjer neste år. Sæbø møter i alle fall Åmdal og Hovdebygda, og kanskje kan Volda2 også rykkje opp saman med Sæbø. Vartdal rykkjer opp frå femte divisjon.
Siste:
hjorundfjord.no har no fått stadfesta frå Flø sin trenar at det verkeleg vart tap for laget mot Hødd3/Hasundgot. Dermed er Sæbø i femte divisjon.
Tabell 6. divisjon:
Sæbø 18 14 2 2 77-35 44
Flø 19 12 3 4 78-40 39
Volda 2 17 11 1 5 61-36 34
Tjørvåg 17 10 4 3 61-38 34
Bergsøy 2 17 10 1 6 56-33 31
Gjerdsvika 17 8 2 7 43-44 26
Åheim 17 7 2 8 38-49 23
Kvamsøy/ÅVK 2 17 5 1 11 38-60 16
Hødd 3/Hasundgot 18 5 1 12 40-74 16
Moldtustranda 19 3 4 12 33-52 13
Hjørungavåg 18 1 1 16 32-96 4
Reglar før KM kamp ? (12.10.2007 kl. 22:06)
Ser at førstelaget til Norborg i 4 div ikkje har noko å spele for i sin siste kamp...
Korleis er reglane ?
Kan Norborg 2 stille eit forsterka lag i KM kampane mot Sæbø, dersom dei sparer A-spelarar i sin siste 4.div kamp ??
Vil dei tyne "uskrivne" fair play-reglar ?
Eller er Sæbø for sterke for Norborg uansett kva lag dei stiller ?
Alf Ole Aarseth
I Hjørundfjorden (01.10.2007 kl. 10:31)
Heilt samd, Kjell-Johan. Når eit Sæbø-lag rykkjer opp, og det skal feirast, bør lokala leigast i Hjørundfjorden. Eg trur siste gong Sæbø IL markerte noko i Ørsta, var då laget runda femti år. Då var det verken klubbhus, grendehus, hotell, Christian Gaard, Rekkedal gjestehus etc. i fjorden. No er det nok av tilbod.
Rune Sæbønes
Paradoks... (01.10.2007 kl. 08:37)
Kvifor leige lokale i Ørsta til opprykksfesten? Det må då vere betre å halde festen i vakre Hjørundfjorden enn å sjå på betongvegger i Ørsta...
Kjell-Johan Aarseth
Bra forsøk :) (01.10.2007 kl. 00:17)
Bra forsøk dette Rune/Jan Kjetil, men alle som har levd ei stund veit at veterantur er ei naturleg prioritering. Det er på veterantur du finn gutta med "hår på brøstet" Beklagelegvis fell årets internkamp og tur til Førde saman med siste viktige heimekamp for Sæbø 6 okt. Då vert det lett for alle oss som har "nokre kampar" for Sæbø A-lag på samvittigheita å velge. Ingen av oss har gløymt kvar me lærte å spele fotball og hadde eit utruleg bra miljø gjennom mange år, difor møtest me kvart år til nye opplevingar og litt mimring om gamle dagar. Veterantur er difor ei naturleg gulrot for dagens A-spelarar berre dei får nokre fleire år på baken og nokre fleire kampar i protokollen + litt meir rutine og hår på brøstet :) Men alle veteranar ynskjer sjølvsagt lykke til i kampen mot Moltustranda. Stå på !
Alf Ole Aarseth
Gutta på Sæbø-Tur??? (30.09.2007 kl. 20:08)
Ej veit at der e persona som prioritera "Gutta på tur" istaden for kamp på Sæbø på Laurdag..(Sverre B)
So der må ej henge mej på Rune å sei SKAM dokke!!!
Vi he leigt lokale i Ørsta å skal ha oss en Historisk bra fest,so viss der e folk so vil støtte oss der e dei hjerteli velkommen!!
Jan Kjetil Holen
Norborg2 (30.09.2007 kl. 17:45)
Sæbø skal møte Norborg2 i kampen om krinsmeisterskapen. Norborg2 vann si avdeling eitt poeng før Harøy.
Elles reknar eg med "Gutta på tur" er å sjå på Sæbø stadion komande laurdag. Det må då vere mykje betre å sjå Sæbø avslutte sesongen på heimebane med å valse over Moltustranda enn å sjå på betongvegger i gudsforlatne Førde.
Rune Sæbønes
Gratulerer ! (30.09.2007 kl. 11:17)
Kva for lag frå den andre avdelinga ligg an til å verte motstander om KM tittelen ? . . . Men først må dokke valse over Moltustranda neste helg, har vel ikkje skjedd før at Sæbø har hatt 10 strake heimesigrar på ein sesong. Lykke til !
Alf Ole Aarseth