Gundny Fagerhol Hjørundfjorddagane
Gudny Fagerhol vert den nye ordføraren i Ørsta. 

 

Forhandlingane mellom partia fredag kveld kom fram til at Gudny Fagerhol (AP), vert den nye ordføraren i Ørsta. I lag med seg får ho Paul Kristian Hovden (Krf.) som den nye varaordføraren.

Fagerhol er nok kjend for mange. Ho er veteran i politikken, og arbeider på Biltilsynet i Hovdebygda. Ho bur i Hovdebygda.

Hovden er ny i politikken. Han er tilsett i gravferdsbyrået, og bur i Ørsta sentrum.

Forhandlingane var harde, men partia Sp, Ap, KrF, Venstre og SV sette mykje inn på å verte samde. Dei meiner at dei saman har eit stort fleirtal, og dei meinte dei kunne semjast om mange saker. Det har dei også gjort, og dei vil presentere dei felles sakene seinare.

Det var mykje gje og ta i forhandlingane. Ap fekk ordføraren, men måtte gje frå seg ein plass i formannskapet til Sp. Det gjer at det komande formannskapet vil ha tre medlemmer frå Sp, ein frå Ap (ordføraren), ein frå KrF (varaordføraren, ein frå Venstre og tre frå Framstegspartiet/Høgre.

Det er også semje om fordeling av andre verv, men detaljane er ikkje kjende enno. 

Avtalen mellom dei fem partia er ikkje underskriven, men så lenge partia har gått ut med semja, må ein gå ut i frå at det er slik det vert når det nye kommunestyret skal velje ordførar og formannskap i oktober.