Frå fyrste året vi hadde eige jentelag. Sidan har dei fleste av jentene vore med på laget. Trenar var då Elias Øye.
Bak f.v. Jenny, Ida-Elin, Elisabeth, Torill og Tonje. Framme f.v. Else Marie, Tiril, Rebekka og Rebekka. Liv Grete fremst.
Dette vart ein jamn kamp der Sæbø/Åmdal skåra første målet. Vartdal fekk tett etter inn eit mål. Første omgang var jamn men vi hadde flest sjansar som gjekk utanfor.. Pauseresultattet var 2-2.
I andre omgong byrja jentene å spele fotball og vi fekk inn 5 mål. Vartdal hadde også fleire sjansar som ikkje gav resultat. Då dommar Daffa bles av kampen var resultatet 7-2 og siger til oss!
Desse jentene var med på kampen i dag:Liv Grete, Rebekka, Ida (2 mål), Torill (1), Jenny, Else Marie (3), Elisabeth, Tiril (1) og Rebekka.
Flott jenter!
Else Marie med ein Vartdalspelar i hælane!
Kommentarar