Sæbø har ei leiing på fem poeng ned til Flø, og sju poeng ned til Volda2, som truleg er den hardaste opprykksrivalen. Volda2 har nemleg ein kamp til gode, og har vist ei fenomenal haustform.
Men leiinga til Sæbø er solid, og laget kan tillate seg eit tap og likevel vinne avdelinga. Men slikt må det ikkje spekulerast i. Det er så enkelt at vinn Sæbø dei tre neste kampane, mot Bergsøy2 heime, Hjørungavåg borte og Moltustranda heime, då er opprykket sikra, og alt er avgjort før den siste vanskelege bortekampen mot Tjørvåg.
Sæbø 16 12 2 2 63-34 38
Flø 16 10 3 3 64-30 33
Volda 2 15 10 1 4 50-26 31
Bergsøy 2 15 10 0 5 55-30 30
Tjørvåg 15 9 3 3 54-33 30
Gjerdsvika 15 8 1 6 38-36 25
Åheim 15 6 1 8 33-45 19
Kvamsøy/ÅVK 2 15 5 0 10 34-54 15
Hødd 3/Hasundgot 16 4 1 11 34-66 13
Moldtustranda 16 2 3 11 29-48 9
Hjørungavåg 16 1 1 14 30-82 4
Kommentarar