Mobildekninga i Hjørundfjord!
Frå 31.mars 2008 vert Tele2 sine mobilkundar flytta over til NetCom sitt nett. Dette betyr mykje dårlegare mobildekning for Tele2-abonnentar som bur og ferdast i indre del av Hjørundfjorden og mange andre stader i distrikta. Dyrare vert det også, i og med at ein da kun kan bruke Telenor. Tele2 forsvarer dette med pris. men kva med kundar ute på bygdene, da? Er ikkje desse like mykje verdt som andre kundar? Tele2 viser på denne måten ein dårleg distriktsprofil!
Ann-Helen Sørhaug
Chess (13.09.2007 kl. 22:56)
Chess er i dag eigd av Telia Sonera, så dei har same eigaren som NetCom. Det har vorte varsla at alle Chess kundar skulle over på NetCom sitt nett.
Roy-Magne Mo
Chess? (13.09.2007 kl. 16:56)
Kanskje Chess kan vere eit alternativ? Før vi no flytta til Lekneset for godt, har vi hatt Telenorabb. på mobilane. Det har imidlertid vore slik at vi oftast måtte gå utandørs for å unngå brot. Med Chess har vi ikkje hatt dette problemet. Men eg veit ikkje kva sendenett dei nyttar. Dessutan er den såkalte servicetelefonen til Telenor til å få magesår av! Hadde forleden eit spørsmål til Chess som eg sende på mail og fekk svar innan få minutt, så der var ein heilt annan respons. Har akkurat fått installert breidbandstelefon frå Tussa, så eg er spent på stabiliteten. I Syvde hadde vi det same frå Telenor, men den var veldig ustabil.
Kåre Myklebust
Kåre Myklebust
Stjelenor (13.09.2007 kl. 12:07)
For meg er det ei prinsippsak å ikkje være telenorabonnent. Etter årevis med elendig kundebehandling og service på mobil og internetttenester er det eit selskap eg har vendt ryggen for godt. Må desverre nytte ein mobiloperatør som brukar telehornettet sidan Netcom ikkje leverer varene lokalt.. Eller har dette bedra seg? nokon med erfaringar? Eg er altfor sjelden på Bjørke, og om eg reiser inn der, kan eg godt være utan mobil den tida og heller nyte andre inntrykk.
Arnfinn Mork
Skift til Telenor (12.09.2007 kl. 23:50)
Telenor har et abonnement som heiter Frifiks,dette er kun 5 øre dyrare pr.minutt enn billigaste Tele2-abonnementet.Tar eg ikkje mykje feil,så har dei også eit som heite Djuice zero eller noko lignande,som har akkurat samme pris som det billigaste Tele2-abonnementet.Har sjølv skifta til Telenor ifrå Tele2,da visse deler av nordsjøen har Telenor-dekning.
Jan-Inge Lillebø
Bytt leverandør (12.09.2007 kl. 22:14)
Dersom du er Tele2 kunde, sender du ein epost og seier opp abonnementet ditt, og forklarar kvifor. Om du sender ein kopi til Netcom er det nok også lurt.
Eg sende epost til Tele2 med det same eg høyrde om dette for nokre veker sidan men har ikkje fått svar.
Dersom nokon her inne finn eit bra alternativ til mobiltilbydar som brukar telenornettet, ka dei legge det ut her. sjekk også www.telepriser.no
Når det gjeld det nye digitale bakkenettet er det nok litt å ta tak i der. Dekningskarta dei har på sida si kan de i fjorden berre gløyme, tipper det er berre ein og anna garden ytterst i fjorden, og kanskje eit par på fremste bondalen som tek inn signal frå hovdenakken, som kan ha sjangs til å få inn TV i heile fjorden. Ei rettesnor er at om du tek imot regulære TV2 sendingar i dag, (ikkje sendaren på halsen nei) kan du ta inn det nye digitale bakkenettet.
Arnfinn Mork
Marknadskreftene (12.09.2007 kl. 22:00)
Det er no ein gong slik at det store fleirtalet på Stortinget har vedteke at marknadskreftene skal råde når det gjeld mobiltelefoni. Overfor mobiloperatørane har diverre ikkje folket i Hjørundfjorden særleg stor forbrukarmakt.
Der i mot er eg samd med Ivar Svein i at ein får konsentrere seg om bakkenettet for fjernsyn. For det er fleire stader i fjorden der ein ikkje har alternativ som parabol eller kabel-tv til bakkenettet. Då er det ei politisk sak.
Rune Sæbønes
NetCom (12.09.2007 kl. 18:41)
NetCom er nok eit dårleg mobilabonement i Hjørundfjorden. Sæbø -Lekneset og Norangsfjorden og yst i Hjørundfjorden har brukbart dekning her, men Bjørkeområdet og Trandal har ikkje dekning i det heile. Bygdemobliseringa har ikkje kapasitet å begynne ein kamp mot NetCom, for å få til ei betre utbygging. Her er alternativet å gå over til Telenor og Tussa sine mobilabonement.
Ei viktigare sak er nok det nye bakkenette for TV, der mange plassar i Hjørundfjorden vil miste Tv sendingane sine snart.
Ivar Svein Mo
Kundeservice (12.09.2007 kl. 15:31)
Tror dette er mer en sak for kundeservice i Tele2 enn Ivar Svein kanskje?
Annette Björkedal