Ein gong kvar haust samlast helselaga i Hjørundfjorden til ein koseleg kveld med mat,prat og litt underhaldning. I år er Bondalingane vertskap og byd inn alle medlemar i heile Hjørundfjorden til ein hyggekveld på Grendahuset,18.oktober kl.19-22.
For nokre år sidan var det mange helselag rundt fjorden,nå er det berre tre! Det er Bjørke, Urke og Bondalen.(Hjørunfjordstranda/Standal helselag har fusjonert med Bondalen.)
Den som har lyst å vere med kan melde seg på til Karin Frøland,tlf.70040236.
Om du ikkje er medlem,men har lyst å vere med er det berre å melde seg på,så kan medlemskap ordnast.Da vert du og medlem av Nasjonalforreninga for folkehelsa som alle helselaga er tilknytta.
Vi ser fram til ein koseleg kveld med mykje blide medlemar.
Vel møtt!
Kommentarar
Skal prøve å få med Olga og ta en tur.
Eg såg at det var bilde av trimgjengen på Bjørke i bladet vårt.
Håper Bjørke Helselag finn folk.
Klart eg kan stille også for laget mitt (men vinn eg meir?)
Helselaga har mykje å ta tak i framover.
Ungdomslaga og Helselaga bør samarbeide for det beste for ungdommen også.
Problema er mange i denne hektiske tida.