Det same forlaget, Natur og kulturforlaget Snorre, har kreative naturfotografar! Eg har titta på heimesida og under Vest-Norge finn eg eit anna kort der motivet er kjent.  Men det er noko som ikkje stemmer her heller...

Norangsdalen 

Biletet  heiter Norangsdalen, Møre og Romsdal og er eit stort panoramabilete i serien NORWAY.

Elva i framgrunnen renn ut i Stavbergsvatnet. Fjellveggen som stig opp t.v. er Staven, "loddrett, beksvart, blankskurt steinmur på 1512 meters høyde", for å sitere Kristoffer Randers. I bakgrunnen ser vi toppen av Slogen (1564 m.o.h). Sela t.h. høyrer til selrekkja på Stavbergsætra. Tre av sela er synlege. Det øvste fell ut om biletramma, men vi anar nedste rafta. Nedanfor selet t.v. ligg ein stor stein... men så er det store spørsmålet:

Kvar blei det av det nedste selet og kvar vart det av riksvegen som går nedanfor selet og ovanfor elva???

Nok ein gong ser vi at naturfotografen manipulerer bildet og ved å bruke ny teknikk, har han prestert å foreta ei dramatisk naturendring som fjernar både vegen og selet! Når vart vegen gjennom Norangsdalen blindveg?

På hovudsida skriv forlaget: "Natur på sitt beste" - "Eksklusive gaver til mennesker med sans for natur, kultur og kvalitet"!!

Eg er stum....!