Søndagens musikkafé var svært vellukka. Det var veldig positivt at Ørskog Brass ville halde konsert på Sæbø, for det er ikkje ofte at eit korps på det nivået spelar i bygdene i Hjørundfjorden. Så mykje folk hadde møtt fram for å høyre Ørskog Brass og dei unge musikantane i skulekorpsa på Dalane og Sæbø, at gymsalen på skulen var fullsett. Det var ei fryd å høyre korleis Ørskog Brass spelte. Viss ein skal setje fingeren på noko, så må det vere at dei kunne ha spelt endå meir enn det dei gjorde!

Mine eigne skulekorpsmusikantar imponerte også i stor stil. Fleire av dei er faktisk berre 10 år gamle, men det skulle ein slett ikkje tru, så flott som dei spelte. Dei har vist stor framgong sidan i vinter. Desse musikantane gjorde ein kjempeinnsats, og det fortener dei verkeleg å høyre. Vi er også så heldige at nokre av foreldra og andre stiller opp og spelar i lag med korpset, noko som er veldig positivt.

Maten og kaffien i pausen var det heller ingen ting å utsetje på. Korpsforeldra hadde stått på og laga mange gode kaker og smørbrødfat. I tillegg fekk ein kjøpe nysteikte vafler.

Å få besøk av eit så godt korps som Ørskog Brass inspirerer oss alle. No ser eg fram til å dirigere musikantane mine på Dalane Skulekorps sin basar i november, samt på Sæbø skulekorps sin julemarknad i desember. Kjekt er det også at begge korpsa jubilerer i år (40 år og 25 år), noko som vil bli markert ved seinare arrangement i år.

Ann-Helen Sørhaug
fornøgd dirigent for
Sæbø Skulekorps og Dalane Skulekorps