Det har ikkje vore så heilt gode forhold i det siste til å finne eventuelle sauer og lam som  går att i fjellet, men i går, søndag, meinte Anne Hustad at no måtte det gjerast ein innsats for å finne dei siste dyra som måtte gå att i Kvamsedalsområdet.  Ho visste i alle høve om to av sine eigne lam som Frode Holen hadde sett- og prøvd å jage heim frå Russadalen.  Lars Johan (Lasse) Sæbønes mangla også ein sau og to lam.

Sauer i Kvamsedalen 016 (Large)

Rolf Egil, Lasse, Askjell og Anne på veg mot Kvamsedalsfjellet.  Her ein puase ved Kvilesteinen.

Sauer i Kvamsedalen 021 (Large)

Innover Kvamsedalsfjellet låg snøen.

Denne septembermånaden vil nok bli hugsa som våt, men i går var det i alle høve opphald eit par timar på føremiddagen.  På tur innover Kvamsedalsfjellet bles det ein mild, men kraftig vind.  Denne vinden sette etter kvart fart på snøsmeltinga i fjellet - skulle det vise seg.

Er det forresten nokon som veit kor mange dalar det er i Hjørundfjorden?  I går fekk i alle høve underteikna oppdaga ein til.  Namnet på dalen skal vere Isdalen, eller Isadalen.   Jau, det skulle vise seg å vere ein skikkeleg dal, dvs. at den hadde eit vatn.  Truleg var det oppe i Isadalen dei to lamma til Anne sist skulle vere sett.  Det vart Lasse som fekk ansvaret for å sjekke ut det aktuelle området.

Sauer i Kvamsedalen 025 (Large)

Lasse på veg opp i Isadalen.  Denne dalen ligg opp til høgre når du går nedover mot Kvamsedalen.  Lasse skulle ikkje berre finne lam - han måtte også ta på seg oppdraget med å vere fotomodell.  Til venstre for Lasse ser vi Trollvatnet(?).

Vi avslørar vel ikkje for mykje når vis seier allereie no at vi fann ikkje eit einaste lam eller ein einaste sau.  Vi konkluderte med at lamma truleg har gått tilbake til Russadalen. 

Sauer i Kvamsedalen 026 (Large)

Full vinter i Isadalen, men ingen sau eller lam konstaterer Lasse.  Går ein vidare og over det lavaste punktet på biletet, kjem ein ned i Langhorndalen.  Dukhornet ligg opp til venstre (utanfor venstre billedkant).

Ingen lam eller sau.  Neivel, men utan liv var Isadalen likevel ikkje.  Lasse oppdaga raskt nokre ryper.  Dei fleste flaug raskt, men dei to under var heller sikre på at dei var godt kamuflerte.

Sauer i Kvamsedalen 038

Rypene er framleis ikkje heilt kvite.

Sauer i Kvamsedalen 028 (Large)

Fotomodell Lasse og Kvamsedalsvatnet sett frå ei ikkje heilt vanleg retning.  Og kva heiter fjella i bakgrunnen?

Etter kvart vaks grøvene og elvane raskt.  Regnet kom også.  Med andre ord vart det surt, men Lasse hadde sjølvsagt rett når han hevda at turen til Kvamsedalen vart triveleg likevel.  Slik er det med alle fjellturar.  Berre prøv.  Mindre triveleg vart det ikkje etter ei mat- og kaffiykt i Hustad-selet nede i Kvamsedalen.

Sauer i Kvamsedalen 040 (Large)

På veg ned mot sela.  Elvane er i ferd med å vekse opp.

Sauer i Kvamsedalen 043 (Large)

Bollar og brus i Hustad-selet.  Askjell til venstre, Lasse til høgre.

Nei, nei, ingen sauer denne gongen - men berre vent.  Neste gong finn vi dei.  Ein sauebonde er alltid optimist.

Sauer i Kvamsedalen 047 (Large)

På veg heim.  Ingen sau, men mykje vatn.  I tillegg gjekk  det små snøfonner i dei fleste gjel.

Sauer i Kvamsedalen 052 (Large)

... Og til slutt reid alle sauesankarane over prærien og inn i solnedgangen...

P.s.:

Dersom ein eller annan i Viddal-/Bjørkeområdet ser opp i Russadalen med kikkert, vil Anne Kristin Hustad setje stor pris på om det også vert sett etter eit par lam.  Ta i så fall gjerne kontakt med henne pr. tlf.

d.s.