Når andre del av programmet starta,kom ei Olden-reklame.I denne reklama stod ein kar å drakk Olden vatn,og i bakgrunnen såg det ut som såg vi ned på Hjørundfjorden,med Hustadneset og Lekneset.
Er det nokon fleire som såg denne som kan avkrefte/bekrefte dette?
Et skudd i mørket,så kunne det sjå ut som bilde var tatt oppe i Skorndalen,eventuelt på vei opp mot Grøttdalstind? Regna med at dette blir oppklart snart.
Dersom det stemmer at Olden bruker Hjørundfjorden som reklame,er no det litt artig.
Ha ein kjempefin dag,alle sammen!
Jan-Inge Lillebø
Olden (26.09.2007 kl. 11:52)
Dette vart filma då eg hadde med meg ein stor gjeng til bla Grøtdalstinden i mars 2006.Opplegget var delvis sponsa av Olden Mineralvatn. David Manusson heiter den fornøgde brettkøyraren.
Sekvensen er spelt inn like under toppen Grøtdalstind med Hjørundfjorden i bakgrunnen!
Kjetil Leknes
Kjetil Leknes (25.09.2007 kl. 23:59)
Kjetil Leknes hadde med seg ein gjeng våren 2006. Då vart saka omtala i Møre-Nytt.
Rune Sæbønes
Såg den eg også.... (25.09.2007 kl. 15:55)
...og til tross for at eg ikkje er veldig fjellvant (!!) så såg eg at det var Hjørundfjordfjell- og linken er som Kjell Johan skreiv på olden.no sine sider. Olden har vel kanskje hatt ei reklamefilmkonkurranse på gong, og derfor er det filma slik. Eller er det andre forklaringer til at det var filma?
Vibeke Mo
;) (25.09.2007 kl. 15:33)
Det var det ;)
Hjørundfjorden i bakgrunnen :)
Emilie Cathrin Skår Ville
Olden (25.09.2007 kl. 10:02)
Har lagt ut denne linken tidlegare. Reklamefilmen ligg på Olden sine nettsider. "Skiglede fra Sunnmørsalpene april 06"
http://www.olden.no/Pages/Article.aspx?id=2764
Kjell-Johan Aarseth