I inneverande kommunestyreperiode er det fire representantar frå Hjørundfjorden. I neste periode får vi heile sju. Desse sju er:
Bodil Skare Ap
Ola Perry Saure Sp
Unn Frøland Sp
Cecilie Rørstad SP
Steinar Nordang SP
Knut Åmås KrF
Asgeir Standal Frp
Valresultatet med det nye kommunestyret, kan du lese i på Ørsta kommune si valside:
http://www.orsta.kommune.no/felles/VAL%202007/valet2007.htm
Bruker telefonen ofte. (14.09.2007 kl. 00:51)
Eg vil tru at eg har ringt politikerene og andre 100 ganger på desse åra berre i ølsaka.
Eg lovet Hans Olav på kulturminnedagen den 9 at den som havnet i ordførerstolen skulle få høyre meir om ølsaka frå meg.
At kulturen skulle sete igjen som taperne godtar eg ikkje.
Vi har tapt 1.5 Mill på slett forarbeid før nedlegginga av ølmonopolet.
Tenkte ingen i kommunestyret på å inngå en god avtale med butikkene eller å få erstatning til kulturen inn på busjettet.
Hadde eg våre i kommunestyret da så hadde krevd at dei ikkje hadde fått mi stemme før det var på plass erstatning til kulturen i budsjettet.
Eg lurer på om dei tenker over kva dei stemmer på og om dei set seg inn i sakene før dei stemmer.
Eg seier i frå når dei små er taperne i samfunnet.
Denne gangen barna.
Perry Bjørke
Perry må vere døropnar. (13.09.2007 kl. 23:53)
Du Perry, spør om underteikna kan vere med å hjelpe til som døropnar. Spørsmålet bør vel heller vere omvendt. Eg forstår at du har jamn kontakt med mange politikarar - også ordførarar og fylkesordførar. I desse fire åra Hans Olav Myklebust har vore ordførar i Ørsta har eg vel ringt to - kanskje tre - gonger til han. Ikkje meir. Fylkesordføraren har eg aldri ringt til. Nei, eg må nok evt. satse på at du Pery kan vere døropnar for meg.
Knut Hustad
Fylkestinget (13.09.2007 kl. 20:15)
Eg er også spent på dei nye i Fylket etter valget.
Kven blir leiar for kulturutvalget o.l
Eg håper den Nye Fylkesordføreren blir like lett å snakke med som Åsen var.
Var alltid hyggelig å diskutere kultur med han.
Tar litt tid bli kjent med nye folk etter eit valg.
Men det viktigeste er at dei nye svarer på telefonen.
Dei som jobber i Fylket har våre flinke å svare på telfonen.
Perry Bjørke
Lovnad frå AP og SP. (13.09.2007 kl. 13:35)
Eg vonar no når "seierens sødme" har lagt seg, at dei innvalde repr. frå SP og AP ikkje gløymer at særs mange har gjeve dei si støtte avdi båe partia har vore heilt klare på at dei går imot oppdrett i Hjørundfjorden.
Såvel her på portalen som i Møre-Nytt.
Majoriteten av dei 800 som har skrive under på protestaksjonen kjem trass alt frå Hjørundfjorden.
De vil verte følgde med "argusøyne" når denne saka kjem opp. Her er det ikkje plass for "slingringsmon!"
P.S Eg "lovde" i ein tidlegare kommentar at "ikkje eit pip skulle kome frå meg" om nasjonalelv/fjord eller villaks.
Denne kommentaren er ikkje eit brot på den "lovnaden."
Om nokon skulle lure.....
Helge Strand
Hallstyret (13.09.2007 kl. 13:01)
Hallstyret i Ørsta har sikkert god erfaring med å stange i dørene.
Bra dei fekk opna på dei etter kvart.
Håper ingen nå i det nye styret for kommuna stenger dei igjen.
Svar på saker og framdrift i sakene må gå fort.
Perry Bjørke
Saker (13.09.2007 kl. 12:44)
Ungdomlaget søkte om brøyting opp til Haukly for 2 år siden.
Kommuna var nødd til å seie nei då dei var redd at eit ja til oss kunne utløyse eit skred av søknader.
Eg og Myklebust har snakket om at alle Kulturhus burde få brøyting.
Eg veit at mange kulturhus slit med brøytinga.
Myklebust opna døra for meg han og ville sjå positivt på en ny søknad/sak dersom eg ville ta det opp på nytt.
Eg vil prøve å dra med meg dei andre kulturhusa og ta saka opp att.
Nå når Fylket også vil ha meir samarbeid mellom kommune/Fylke og det frivillige arbeidet burde dette vere noko kommuna burde sjå på.
Ikkje alle lag har råd til traktor.
Men eg er heilt avhenig av døropnera for å få saka til kommunestyret.
Brøyter private ved kulturhuset på Sæbø eller korleis har dere orna det.
Perry Bjørke
Kommunestyret (13.09.2007 kl. 12:18)
Sammensetninga av kommunestyret og fordeling av verv er avgjerende for meg.
Eg håpet Torill Langlo skulle forsette men ho stilte ikkje.
Ho har våre en veldig god døropner for meg.
Myklebust har og våre en god døropner.
Eg treng døropnera.
Enok sa på årsmøtet vårt at eg ikkje måtte drive å stange i dørene åleine.
Hjelper du meg å opne dørene Knut.
Det krevs gode horn av til.
Perry Bjørke
Støttar Myklebust(?) (13.09.2007 kl. 11:19)
Eg oppfattar det slik, Perry, at du er tilhengar av at Hans Olav Myklebust framleis skal vere ordførar. Men bur ikkje ein annan kandidar, Ola Perry Saure, like i nabolaget ditt? Er det ikkje lettare å påvirke ein nabo?
Knut Hustad
Møte i dag på Rådhuset (13.09.2007 kl. 11:07)
Det skal vere møte i dag der dei skal godkjenne valget.
Då er det vel kun forhandlinger igjen.
Eg er spent på samarbeidet i kommuna og orfører.
Har våre tøft å jobbe med saker innen for kulturen men mange positive og gode kontakter har våre til god hjelp.
Nokre av desse stilte ikkje til gjenvalg nå.
Derfor er eg spent på sammensetninga i kommuna og arbeidet framover.
Her er raske svar eit nøkkelord for meg.
Eg får sjå korleis det blir å jobbe med kulturen framover.
Eg har sett positive signal i det siste for kulturen.
Hans Olav Myklebust skal ha takk for at han har startet arbeidet med ny kulturhusplan.
Eg håper på at det er mange kulturfolk i det nye kommunestyret.
Eg må i høst også avgjere om eg vil forsette som leiar i Ungdomslaget.
Valget vil heilt sikkert vere med å påvirke mitt valg.
Derfor er eg spent.
Perry Bjørke
Legg deg du, Perry (12.09.2007 kl. 22:52)
Det er berre å leggje seg, Perry. Det vert inga avklaring før fredag.
Rune Sæbønes
Ingen som veit noko ennå? (12.09.2007 kl. 22:10)
Eg får snart legge meg å prøve å sove litt.
Men eg er så spent på kven som blir ordfører.
Har våre 2 spennende døgn .
Perry Bjørke
Hjørundfjord Kommune (12.09.2007 kl. 15:04)
Vi måtte i vert fall få Tussa tilbake til Hjørundfjorden då.
Vi er heilt avhengig av sentrum då vi har alt for lite av forkjellige næringer i Hjørundfjorden.
Hadde Grepa bygd ny fabrikk i Hjørundfjorden og Tussa hadde våre under Hjørundfjorden så kanskje.
Støtte til næringutviklinga i Ørsta er sers viktigt for alle i Hjørundfjorden.
Men det må bli litt meir fart i tomtesaker.
Dei som vil ha tomter til industrien venter ikkje på at kommunepolitikerene skal diskutere ditt og datt.
Samarbeid med andre parti sjølv om man er fykende unige i politikken og få fart på sakene.
Perry Bjørke
Sarkasme....? (12.09.2007 kl. 14:38)
Eg skjønar kvar du vil, Kjell Johan.
Realitetane er imidlertid at Vartdalsstranda tok initiativet til listeaksjon i fjor. Dei følgde opp i år. Likeeins sentrum. At Hjørundfjorden gjorde det same, var ein konsekvens av dette. Under-representert som vi var i førre periode.
Men eg fryktar ikkje ei tredeling av kommuna av den grunn!
Det er vel snarare grunn til å tru det motsatte. Ei samanslåing med Volda.
Eg har elles sans for sarkasme, kanskje avdi eg nyttar "teknikken" sjølv frå tid til anna......?
Perry Bjørke ville nok meistre oppgåva som ordførar. At han er genuint oppteken av Bjørke/Hjørundfjorden sitt beste, ville nok ikkje vere til hinder for at han såg kommuna i si heilheit når han vart "varm i stolen!"
Helge Strand
Eg forstod ikkje den Kjell (12.09.2007 kl. 13:53)
Kven snakket om Hjørundfjord kommune .
Eg venter berre spent på kven som blir ordfører.
Myklebust har over 1100 stemmer så folket har klart sagt kven dei vil ha som ordfører.
Men så dei hestehandelerne då.
Perry Bjørke
Hjørundfjord kommune (12.09.2007 kl. 13:18)
Med det voksande antal representantar lokale heltar i kommunestyret er det på tide å gjeninnføre Hjørundfjord kommune. Lite folkegrunnlag seier du? Tullprat. Til samanlikning kan ein nemne Utsira kommune som er landets minste med berre 214 innbyggjarar, og der veljarane har det særs enkelt når dei står ved valurnene: Felleslista eller Bygdelista.
Hjørundfjord kommune. Smak litt på det ordet. Ahh. Fortreffeleg! La det rulle i munnen som den finaste rødvin, og gurgl det gjerne. G-ggg-ggg-urgl. Og spytt ut. Fin fin årgang og rund i kantane. Ordførar? Eg foreslår Perry Bjørke. Og Perry Bjørke Bjørke som vara.
Kjell-Johan Aarseth
Ordfører (12.09.2007 kl. 12:32)
Kven blir ordfører?
Veit dere noko?
Eg håper i det lengste på at dei høyrer på folket i kommuna.
Bør ikkje få en slik hestehandel som i Fylkestinget.
La stemmene til folket telle mest.
Perry Bjørke
Kommunestyret (12.09.2007 kl. 05:26)
Det er mange saker i Hjørundfjorden som er klare for å ta opp i kommunestyret med det første.
Då er det viktig at dei som er invalde ikkje har andre viktige verv slik at dei blir inhabile og møter si egen sak i kommunestyret.
Eg har blitt oppmoda i sommer til å ta opp ei sak her i Bygda.
Det skal eg prøve å gjere.
Ivar Svein og Oddhild skal få saka frå meg med det første då folk vil ha lys på Bjørke.
Saka er: Folk forstår ikkje kvifor det skal vere bekmørkt rundt Bjørke når kommuna får ei masse penger nettopp frå Kraftverket på Bjørke.
Det står foresten i planene til kommuna at det er prioritert å sette opp gatelys frå Brusletta til Øvre Bjørke og frå Brusletta Bru til Raustad.
Men det var på grunn av at det var skuleveg.
Nå når Bjørke Skule blir stengt så har vi vel mist
akkurat dette med skuleveg og mørket.
Tussa og Kommuna kan gi så pass tilbake til bygda at folket får seg nokre gatelys seier folk.
Det er i vert fall bra på en måte at Oddhild ikkje kom inn i kommunestyret slik at ho kan fronte ei slik sak opp mot kommuna.
Ho er verken i Kommunestyret eller i Tussa styret.
Bra i grunnen at Ivar Svein ikkje er i kommunstyret.
Han er heilt fri politisk når ha jobber med saker for bygdemobliseringa.
Perry Bjørke
Takk for gode ord. (12.09.2007 kl. 00:41)
Dette resultatet hadde eg slett ikkje venta. Det er heilt utruleg. Som sagt takk for gode ord - men når det gjeld informasjonen om valet, ja, så er det absolutt ein eg bør takke, men som eg ikkje kan opplyse namnet på. De veit vel kven han er. Takk også til Ivar Svein Mo for foto og hjelp.
Kvifor denne aksjonen? Tidlegare meinte sjefen, Ivar Svein Mo, at vi burde omtale kommunestyrekandidatane frå Hjørundfjorden i positive ordelag her på portalen. Men så kom meldinga i Møre-Nytt om valaksjon på Vartdal (ikkje overraskande), og også i Ørsta. Då forstod eg at noko meir drastisk måtte gjerast om ikkje Hjørundfjorden skulle risikere å sitje att med berre eit par-tre representantar i det nye kommunestyret. I tillegg må eg vedgå at eg vart noko irritert då eg ikkje for lenge sidan las, også i Møre-Nytt, at ein lokalpolitikar kom med sterkt kritikk av m.a. Hjørundfjorden. Hjørundfjorden hadde visstnok fått alt for mykje av både det eine og andre i høve til Ørsta sentrum.
Skal slike aksjonar lukkast, må det prioriterast sterkt og her kjem det som er sterkt beklageleg - ikkje alle frå Hjørundfjorden kunne vere med på ei slik aksjonsliste sjølv om dei/de er aldri så flinke. For utan tvil var det flinke folk her frå Hjørundfjorden på dei ulike listene.
Når det gjeld utveljinga er det stort sett teke omsyn til kjønn, alder og geografi. Aksjonen måtte femje om heile fjorden. Det ser det ut til at vi har lukkast med.
Til slutt vil eg berre nemne at eg sjølv i utgangspunktet ikkje er tilhengar av slike aksjonar - dei burde vere unødvendige. Eg hadde difor rekna med mykje meir kjeft, men den kjem kanskje i Møre-Nytt på torsdag?
P.s.: Eg vonar også at "våre" kandidatar no viser seg å vere romslege og ikkje berre tenkjer på Hjørundfjorden (det trur eg heller ikkje). Også vi som bur her tener på eit godt samarbeid med både sentrum/Ørsta og Vartdal.
d.s.
Knut Hustad
Takk til Bodil (11.09.2007 kl. 23:18)
Bra at du kunne stille igjen på valg for AP
AP trengte en god representant frå Hjørundfjorden.
Dere har en kjekk leiar eg snakker ofte med ho.
Nokre ville at eg skulle stille på ei liste for eit parti i år men det kunne eg ikkje då eg er leiar i ungdomslaget.
Vaskeligt å drive saker for kulturen når man møter si egen sak seinare i kommunstyre ol.
Kan ikkje sitte på begge sider av bordet.
Eg får heller stille på ei liste når eg går ut som leiar i laget.
Perry Bjørke
Tusen takk, godt folk! (11.09.2007 kl. 22:17)
Eg må berre få takke for tillita,eg skal gjere mitt beste!
Kjempebra at hjørundfjorden vart so godt representert.
Atter ein gong tusen tusen takk :+)
Bodil Skare
Blank stemme (11.09.2007 kl. 21:42)
Flott med infoen her på portalen - og Kari eg er heilt enig med deg med dette å stemme blankt, det er lov og det er fullt forståelig! Eg kunne lett ha tatt den eg også, gjorde ikkje det, men bra at folk møter opp å stemmer uansett om dei stemmer Frp, Sp eller blankt for den del. Det er like lovlig alle alternativ, det verste er dei som ikkje vil bruke stemmeretten sin...
Vibeke Mo
Gratulerer! (11.09.2007 kl. 21:19)
All grunn til å være fornøyd med så mange representanter fra Hjørundfjorden i kommende periode!
Vi kan gjerne uttrykke misnøye med at enkelte parti får høy oppslutning, men det er nå en gang slik demokratiet fungerer. Vi har alle vår fulle rett til å stemme som vi vil.
Hjemmesitterne utgjør den største gruppen og kunne lett ha forandret på mye.
En blank stemme prøver kanskje å fortelle noe... om lite synlige politikere? ...om at det kanskje er for liten politisk forskjell mellom partiene? For noen er det vanskelig å ta et valg, samtidig som de føler at de har en plikt til å stemme. Da er det en ærlig sak å stemme blankt!
Kanskje skulle vi alle stemme FrP ved neste stortingsvalg så de får prøve teoriene sine i praksis?
Kari Stokke
Gratulerer! (11.09.2007 kl. 20:42)
Først og fremst til Knut som tok belastninga med å gå i bresjen for samordninga.
Så til dei som stiller opp og vart valde!
Det er mangt ein kan lure på etter valet. For det første korleis 50 bondalingar kan nytte ei liste der ingen bondaling finst. Hadde endå nokre av dei stilt opp for partiet sitt.
Men at 3stk møter opp og stemmer blankt på kommunevalet, er meg endå meir uforståeleg.
Det er mykje som foregår oppe i mitt hovud. Endå meir i andre sine, tydeleg vis.
Knut Riise
Flott at alle parti fekk inn folk. (11.09.2007 kl. 19:31)
Både AP-Krf-Frp fekk inn folk og då dekker desse alle sine interesser og saker for fjorden.
Aksjonen slo til den Knut.
Det er no fleirtal i SP frå Hjørundfjorden i kommunestyret.
Nå må Bygdemobliseringa og Grendalaga gi desse som sitter i kommunstyret fri frå verva i andre lag slik at dei slepp å møte sine egne saker i kommunestyret og at dei får bruke all si tid på arbeid i kommunestyret for Hjørunfjorden.
Dumt å heile tida å kalle inn vara eller å stå på gangen i når viktige saker for Hjørundfjorden skal opp til røysting.
Perry Bjørke
Våre beste folk.. (11.09.2007 kl. 19:25)
Vi gratulerer våre alle beste folk for plassane i det nye kommunestyret. Nok ein gong viser det seg at det løner seg å stå samla. Knut har vist vegen! Den mest populære politikaren er vår eiga Bodil, med topp-plassering på slengarlista. Gratulere Bodil med 175 slengarar, du fortjener å verte ordførar!Hans Olav fekk berre 133 slengarar!
Ivar Svein Mo
Flott Knut! (11.09.2007 kl. 19:12)
Vil gi Knut Hustad honnør for god info gjennom valget!
Lettare å finne oppsummeringar på hjorundfjord.no enn på andre nettsider!!
Stian Holen
Fantastisk! (11.09.2007 kl. 18:46)
Hurra for Hjørundfjorden!
Eg trudde nesten ikkje mine eigne augo!
Bingo, Knut!
Helge Strand
Sentrumsaksjonen feila? (11.09.2007 kl. 17:42)
..... eller er det kanskje slik at dei eigentleg likar oss frå Hjørundfjorden?
Hilde Muren