Kvar haust prøver Lars Petter, Leif, og underteikna oss minst ein gong med leirdueskyting. Slik også i år.Det vert verre og verre å lage pulver av duene for min del. Inga turrtrening, er årsaka.

DSC00012

Leif kastar ut og Lars Petter både treff og har stilen. Det trengst, for snart skal vi til Lesja på årets tur.

 

Snøen ligg langt ned, og det er fine forhold for jakt der eg ruslar rundt. Men det vert mykje kaffidrikking og pausar i forhold til det vi dreiv med før i tida.

DSC00014

Likevel fann eg eit bra kull og eg traff betre  enn på treninga, heldigvis.

Det er noko vemodig med hausten, sjølv om fargane kan vere fine og lufta klår.

Alt regnet, og manglande frost har ikkje gjort denne hausten til den mest fargerike.

Tryvatna

Eit av Tryvatna med kjende fjell som bakgrunn. Sandhornet, Saudehornet. Vassdalstinden til høgre.

På heimtur når eg att Myrhol-Per som hentar stirrige kviger. Dei går mest på tvers, og eg hjelper til med å få dei inn på vegen. Då går det radig.

Per og kvigene.

No er kvigene  under kontroll. Og bonden er sliten.

Hjortejakta har pågått ei tid, og på Rise aular det med dyr, seier jegeren vår, Dagfinn Hoem.

I dag tidleg i ausande regnver var han på plass, og han såg anslagsvis 40 dyr.

Dei kom nesten i bølgjer, slik reinsflokkane gjer. Ein stor bukk var også attmed flokken. I tillegg til fleire andre mindre bukkar.

 Med så mykje dyr, er at det er vanskeleg å sjå kva kolle kvar enkelt kalv høyrer til.

Til slutt vart han sikker og fekk kolle og kalv, så no er det att ei ungkolle og ein kalv.

Hanndyr får vi ikkje skyte på Rise i år.

Dagfinn likar seg  best oppi skogane, og favorittstaden er Sletta. Der har han felt mange.

Men i dag var det spennande å vere dyrkamarkjeger også, sa han.

Dagfinn 07

Dagens fangst: Kolle på 64 og kalv på 32kg, opplasta og klar for slakting på Hoemsbu.

No gler vi oss til høgfjellet på Lesja. I år er det 3. periode og litt vanskelegare å få resultat.   Men mest av alt håpar eg at det er att litt av haustfargane, og at vi unngår snø.

Den 25. reiser vi om alt går etter planen.

Lesja m.m. 2005 012

                                  Her er det vakkert. Lesja i 2005.

Lesja m.m. 2005 020

Då vart det litt fangst også. Frå venstre Knut, Leif og Lars Petter.