
Fjordingar i Storfjorden.
Odd Bjarne Bjørdal var nyleg på ein feritur til Oslo. Han hadde augene med seg og fann dette postkortet. Vi kan tydeleg sjå Grøtdalstinden i bakgrunnen - og ser vi ikkje også Hustadneset og Leknes?
Men det er eit eller anna som ikkje stemmer. Er vi i Norangsfjorden? I så fall - kvar er vi? Her er mange spørsmål og vi treng svar. Under ser vi baksida av postkortet.

Fotografen fortel: (05.09.2007 kl. 15:35)
Eg utvekslar e-post med fotografen og etter mitt første brev, er korrespondansen slik til no:
"Hei Per!
Bilde er tatt innerst i Hjørundfjorden, en arm av Storfjorden.
Og hestene er innkopiert.
På baksiden er der en prikk for Oslo, Geiranger og Nordkapp. Prikken på Geiranger burde ikke vært der og kan virke misvisende, jeg fjerner denne ved eventuelle opptrykk.
Med beste hilsen
Snorre"
Eg svarar tilbake:
"Hei og takk for svar!
Jeg synest Geiranger fortsatt kan stå på neste opptrykk og begrunner dette med at det er et av de mest kjente turistmål i landet, og har langt høyere besøkstallet enn Nordkapp.
Det er greit å få bekreftet at hestene er innkopiert. Det gjelder vel også turistskipene?
Bildet er tatt i Norangsfjorden, ei sidearm til Hjørundfjorden.
Jeg forventer ikke at landskapsfotografene kjenner så godt til stedsnavnbruk i alle kriker og kroker. Men det er ikke vanlig å regne Hjørundfjorden som ei sidegrein av Storfjorden, selv om den egentlig er det! Hjørundfjorden er så lang og kjent at det er helt naturlig å bruke det navnet på samme vis som det vil være naturlig å bruke Geirangerfjorden - uten å betegne det som innerst i Storfjorden. Hvis noe skulle forandres, måtte det være å bytte ut Storfjorden med "Hester ved Hjørundfjorden".
Men jeg er overrasket når jeg ser at forlagene/fotografene "fikser" på landskap og kopierer inn elementer! Jeg oppfatter dette som tvilsomt!
Vennlig hilsen
Per Urke"
Eg har ikkje fått svar på dette, men eg er overbevisst om at båtane er innkopierte. Draftet viser 10 famner langt til styrbord for båten til venstre. Men det forundrar meg om prospektkorta vi kjøper er manipulerte!
Per Urke
En kan begynne å lure.. (05.09.2007 kl. 14:57)
Per Urke virker overbevist om at bildet er manipulert. Jeg kan kanskje være med på å helle to kanner bensin på bålet.. Jeg har lastet ned bildet og forstørret det opp til 1600%.
Første kanne, ser en på båten til venstre og sammenligner høyden på den synlige randen mellom flo-fjøre, så syns jeg båten er for liten. På båten til venstre teller jeg adskillig flere dekk på enn den til høyre, størrelseforholdet mellom båtene stemmer derfor heller ikke.
Andre kanne, på hesteryggen til nærmeste hesten er der en mørk stripe som ser mistenkelig ut. Det KAN være rester fra en annen bakgrunn HVIS bildet er manipulert. Stripen er annerledes enn på andre skjæringspunkt mellom lyst/mørkt.
Svein Myhre
Fusk og fant! (04.09.2007 kl. 17:26)
Eg er overraska at ein seriøst firma legg ut slike bilete til sals! Dette er heilt sikkert eit manipulert kort og det ligg framleis inne i katalogen deira under småkort.
Eg meiner dette heng slik saman: Fotografen har teke biletet frå fjøra på Ytstebøen på Stenes med Ytsteneset t.v. og resten er velkjent motiv.
Så er det sett inn eit bilete av hestane i framgrunnen og dei har aldri vore på Stenes!. Båtane eg også limte inn på motivet. Desse båtane har ikkje vore på Norangsfjorden samtidig. 11.06.06 var der to, men dei møttest bortanfor Urkebukta, ein på veg inn, den andre på veg ut. Båten t.v. ville ha botna der han ligg på under 5 famners djupne!
Eg er forundra over at fotografen Snorre Aske ville presentere dette lappverket og i tillegg ikkje vite at han er i Norangsfjorden eller Hjørundfjorden!
Eg sender gjerne linken til portalen til forlaget!
Per Urke
Må vere ei faksimile (04.09.2007 kl. 13:03)
Eg meiner dette heilt klart må vere ei faksimile. Eg har også lagt med baksida av kortet slik at ein kan sjå kven som har opphavsrett til postkortet m.m. Og det hadde no vore svært kjekt om vi kunne ha fått ei svar på denne "gåta"...
Knut Hustad
Fotografen (04.09.2007 kl. 12:02)
Namnet til opphavsmannen står på kortet, og lett googling gir resultat i ei epostadresse.
Men eg vegrar meg for å sende epost til han sidan eg ikkje er sikker på om ein har lov til å gjengi biletet hans på nettet? eller blir dette ei faksimile?
Arnfinn Mork
Sikre kjennetegn (04.09.2007 kl. 07:54)
Sikreste kjennetegnet på at dette er fra Hjørundfjorden er fjellformasjonene til høyre for Lissje Skårdalen. Sjekk denne linken, det er ikke til å ta feil av http://www.kvisla.no/Flyfoto-001-1.jpg
En skulle tro at Geiranger området hadde flotte nok fjorder til at denne typen juks skulle være nødvendig, men tydeligvis ikke..
Fred Ingar Somby
Biletet ser ut til å være (04.09.2007 kl. 07:24)
teke frå Stennes. Det neset som ligg til venstre er ein framifrå fiskeplass som heitere "tongen". Den ligg i overgangen til Urkedjupet Eg trur at biletet er teke rett nedanfor garasja til Aksel. Kven det er sine hestar er ikkje godt å seie,(det er heller ikkje godt å seie om hestane på biletet nokon gong har vore på Stennes).
Einar Arve Nordang
Frå Maude? (03.09.2007 kl. 22:14)
Per Steinsvik ringde meg. Han meinte for det første at dette er eit gammalt foto. Han har sikkert rett. Men han meinte også at fotografen hadde stått rett innanfor Maude. At Norangsfjorden virka smal kan kome av at det er brukt telelinse, tenkte Per. Fleire meiningar?
Elles er det kjekt å sjå at du Paul (Rønning) kjem med kommentar. Vi set stor pris på at andre enn fastbuande hjørundfjordingar brukar denne portalen.
Knut Hustad
postkortet (03.09.2007 kl. 20:59)
Trur bilete er fra Nordang:Neset til vestre er ikkje Stennes men Ysteneset trur eg.Hadde det vore
Stennes hadde vore bøar der.Båtane Einar Arne trur eg ligg innom Stennes og Maude:Er innom Hjørundfjordportlen kvar dag:Eit flott tiltak
Paul Rønning
Bilete (03.09.2007 kl. 20:29)
Ligg ikkje Stennes til venstre då? Lekneset til høgre, Grøtdalstindane(og Dalagubben til høgre) bak som Hustad sei og Storhornet og Lisje Skårdalen over til venstre. Eg trur bilete er teke frå mellom dei inste fonnoverbygga på veg mot Øye. Som Nordang skriv ser det litt kunstigt ut ja.
Håvard Myklebust
Biletet er teke i frå. (03.09.2007 kl. 18:58)
Ser ut som bildet der tatt i fra Stennes. Samtidig har eg meir enn en mistanke om bildet er manipulert. Så vidt eg veit har det ikkje vore to båtar samtidig på Urke. Det ser litt kunstig ut
Einar Arve Nordang