Mange er inn på Hjørundfjordportalen og nettbank, så datamaskina er vorten vanleg arbeidsreiskap for mange i dag. Mange beherska dette nye mediumet, men der er mange som ikkje her heilt trygge på verken å lagre ei fil eller korleis dei skal kome seg inn på internett. Dette vil bygdemobliseringa i Hjørundfjorden ta eit tak i å hjelpe folk med eit kurs lokalt, og på vår eigen skule på Sæbø, der alle kan få kvar si kursmaskine.

Viss du no  vurdere å slutte å lese for at du frykter at eit slikt kurs er ikkje noko for deg, ellerBygdefolkets studieforbund at trur kursleiar er nokre "halvskolerte røvarar" frå bygdemobliseringa, så tek du feil. Nei her skal du få ein erfaren kurshaldar og eit kurs i fleire trinn som passar alle, og i alle alder. Kurset vert arrangert av Bygdefolkets studieforbund og med godkjent læreplan.

Det er ein del vi ikkje har fått på plass ennå, men vi har kontakta kurshaldar Sveinung Visnes frå Ørsta, som mange kjenner frå Friundervisninga. Han kan skreddersy ein kurspakke som kan passer vårt behov og Sæbøskulen leiger ut datasalen. Her kan vi få plass til 12-14 elevar.

Eit høveleg kurs for voksne nybegynnarar er ca. 40 timar. Då starter kurset i trinn ein, som er eit Windows kurs på 6-8 timar, der ein lærer om å verte kjent med bruken av datamaskina og å halde orden på harddisken.Her kan det høve med 2-3 kveldar(ettermiddag)

Det andre trinnet vil være bruk av internett. Dette er nok meir omfattande enn det fyrste og her kan det passe med 16 timar - 3-4 kveldar. I dette kurset vil det undervisast i web og epostbruk. Bruk av nettbank og internettsider er ein viktig del her. Her vil Sparebank1 kunne halde kurs i korleis ein brukar nettbanken og Hjørundfjordportalen vil sjølvsagt være på plass og halde ein brukarkveld.

Den siste bolken i kurspakken er tekstbehandling. Mange brukar Word, men det er dyrt å kjøpe så her kan Sveinung tilby "Open Office" som er gratis å laste ned for alle, og dermed kan kursdeltakarane få ein cd kvar, som er klar for å laste inn på si heimemaskine. Denne delen vil han bruke 3-4 kveldar på, med tilsaman 16 timar. Du får då lære å skrive brev, lagre brevet og å finne det att. Sender du dokumentet til ein Word brukar så kan han opne dette frå dette programmet, viss du gjer det rett.

Så er det tilslutt, skal vi sette igong eit slikt kurs så må vi vite kva behovet er, og om det er ynskjeleg med alle tre kursa, og kor lange kvart kurs skal være. Dette er opptil ynskje frå kursdeltakarane. Det er mange som kan synest at 40 timar med 10 til 12 kurskveldar er i meste laget, men er der nok som er interesserte, så kan vi lage kurspakken etter ynskje, med kursmateriell. Kva dag, kva tid på ettermiddagen/kvelden passar det, og skal det settast opp båtskyss?

Prisen er avhengi av kor mange deltakarar her vert. Har vi 12 deltakarar kan vi greie 40 timars kurset, for ei kursavgift på vel 2000kr pr.deltakar. Prisen må fastsetjast etter alt er på plass.

For at vi skal kunne planlegge dette så er vi avhengi av å høyre frå deg. Du kan skrive her på porttalen i kommentarspalta,sende epost eller ringe til Knut Hustad eller Ivar Svein Mo. Du finn oss under kontaktpersonar i spalta til venstre, her på portalen.

Om kvelden er Knut ikkje tilgjengeleg for telefonar, før etter kl.21.

 

Ivar Svein Mo