ONSDAG 19.09.2007

Bjørke:12:30 - 14:00 Program ca. kl. 13:15

Trandal:15:30 - 16:30

TORSDAG 20.09.2007

Sæbø: 08:30 - 10:00 Program ca. kl. 09:15


Under har eg lagt inn kopi frå nettsida til
Møre og Romsdal Fylke
Eg får epost frå Fylket straks dei legg ut nye ting innenfor kulturen.
Eg skal prøve å legge ut på portalen ting som alle i Hjørundfjorden har nytte av:

Frå 13. september til 6. oktober er bokbåten Epos igjen på hausttur til bygdene i Møre og Romsdal.
Framsyninga ”Rødhette og Ulven” med Eva Mørkeset og fiskehistorier og andre forteljingar ved Per Jostein Aarsand er innslaga som er med denne gongen.  Heile 72 stader i fylket skal vitjast.
 
”Rødhette og ulven”
”Rødhette og Ulven” er eit dukketeater som tek utgangspunkt i den tradisjonelle historia, men med nokre vriar lagt inn av Eva Mørkeset. Ei morosam framsyning for heile familien.
 
Fiskehistorier
Per Jostein Aarsand vil underhalde med Fiskehistorier og andre forteljingar. Her får du høyre om late gutar, om besteforeldre som lærer barnebarna å fiske og om ”Villmannen Jernhans”. Aarsand arbeidar med forteljarkunst, og er medlem av Norsk fortellerforum. Per Jostein ønskjer å lage filmar i hovudet ditt når han fortel spanande, sprø og morosame forteljingar.
 
Samarbeid
Bokbåttenesta er eit samarbeidstiltak mellom fylkesbiblioteka i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland, og to gonger i året besøker Epos småstader, frå øyar ytst i havgapet til bygder inst i fjordane. Kvart stopp har ein kontaktperson som tek i land 200 - 400 bøker og lydbøker. Denne samlinga fungerer som eit bibliotek på staden til bokbåten kjem att neste gong.
 
Det er mogleg å følgje bokbåten på internett: www.bokbaten.no
(13.09.2007)