Røystene ved kommunevalet i Ørsta er no opptalde og det kan no slåast fast at Arbeidarpartiet og Framstegspartiet har gjort svært gode val i kommunen. Ap får no ein kommunestyrerepresentant i tillegg mens Frp får to i tillegg.
Senterpartiet går tilbake med 3,4 % og får ein kommunestyrerepresentant mindre. Sosialistisk Venstreparti (SV) har gjort eit katastrofalt dårleg val også i Ørsta og får halvert si kommunestyregruppe. Med dei andre partia er det berre små endringar.
Frå vallokalet til Sæbø krins. Foto: Ivar Svein Mo.
Røystene er ferdig opptalde for Sæbø krins:
Arbeidarpartiet: 68 røyster 23,3 %
Høgre: 8 røyster 2,7 %
Senterpartiet: 126 røyster 43,3 %
Venstre: 1 røyst 0,3 %
Kristeleg Folkeparti: 26 røyster 8,9 %
Sosialistisk Venstreparti: 5 røyster: 1,7 %
Framstegspartiet: 57 røyster 19,6 %
Vi ser altså at i bonde- og industriarbeidarbygda Bondalen får eit parti som Frp heile 57 røyster, noko som utgjer 19,6 % av røystene i Sæbø valkrins.
Kommentarar
Man må heller sjå på kvifor man taper stemmer.
Vist man finn ut kva som er årsaka til tapet av stemmer så må man ta tak i det og endre seg litt.
Vist ikkje så kan FRP og AP få 200 stemmer på SÆBØ ved neste valg.
Kva parti eg henter støtte frå er det saka sitt inhald som bestemmer.
Men en ordfører må i vert fall gi svar straks på saker han får inspel om å ta opp.
Det liker folk.
Uansett er vel ikkje bondalen krins Frp sitt sterkaste område så det bør ein vel glede seg over..
Ordføreren får ofte kritikken og det kan slå ut negativt på neste valg.
Har no våre nok av kritik mot sittende orfører så det er i grunnen rart at Frp går fram.
Er det sofasitterene som har kritisert mest siden kritikken ikkje viser på valget.
I STRANDA prøvde dei å lage en aksjon for å få vekk sittende ordfører.
Kva skjedde (Frp fekk over 40 prosent)
Skal man vinne så må man ta tak i politikken i sitt eige parti og ikkje fokusere på feil til andre parti(ordfører ol)
Det er tross alt folket i ei kommune som vel kva politikk kommuna skal føre.
Spør folket kva dei vil ha før valget og tilpass programmet og viktige saker etter det.
Krtikk mot andre uten å ta tak i eget partiprogram kan slå feil ut i eit valg.
Sjå kva kritikk mot Orføreren førte til på STRANDA.
Stormvalg for Frp
Kven blir ordfører?
Alltid best at ordføreren kjem frå eit av dei største Partia.
Folket har no sagt sitt i valget og det får vi bøye oss for.
Det 2 vinnera i valget.
Men uansett ordførervalg så må den som blir orfører samarbeide med alle parti når det krevs på vegne av inbyggerene.
Stort parti i ledelsen har større slagkraft og man får fortgang i sakene.