Urke Kraftverk er under utbygging Det er tempo over utbygginga av kraftverket på Urke.Stopp opp og titt på planane……  

Ved Campingplassen er det sett opp ei grei orienteringstavle -  med norsk, engelsk og tysk tekst - som syner planen for jobben som skal gjerast før alt skal vere i drift i mai 2008. Gi deg tid til å studere denne når du er i bygda, t.d. under Heimkomehelga 18. – 19. august. Dei andre må nøye seg med å titte på Hjørundfjordportalen.023(2)

Her  ser du kartet som viser heile prosjektet. Kraftstasjonen i i nedre del av den svarte streken og inntaket oppe.

Tussa er godt i gang med utbygginga av Urke Kraftverk.  I april i år var Volda Maskin i arbeid med graving, sprenging og rørlegging av den 3100 meter lange rørgata. Og det er ikkje springvassrør vi snakkar om! Diameteren på røra er lengst oppe 1,3 m og går over til 1,2 m siste delen av strekket. Kvart rør er 10 m langt og veg mange tonn. Dei 310 røra vert frakta sjøvegen til Sykkylven og  køyrt der frå med lastebil, 2 rør om gangen – 155 turar – til rørlageret på Klokk. 

021(2)

Inntaket er no under arbeid og skal, i ferdig utgåve, sjå slik ut.

Arbeidet er godt i gang og det vert jobba frå begge endar. Utskyting av inntaket er kome langt og betongarbeidet nærmar seg. Det er lagt fleire hundre meter rør framover dalen frå stasjonen. I tillegg til hovudrøret, vert det og lagt ned rør til straum, data, kloakk, drikkevatn m.m. 

Den 3100 m lange rørgata går frå inntaket i Storedalselva ved Myrsætra 381 moh. med fall til 27 moh. midt i Urkebygda der stasjonsbygningen er under bygging.  Dette gir ei fallhøgd på 354 m. Heile rørgata vert nedgraven og det vert bygt veg på toppen den fremste kilometeren – frå Hauane til inntaket.  På grunn av gravearbeidet i elva, er det alt på plass ei mellombels vassleidning på 1100 m frå Likkjedalselva (Sætrebrua) til kummen på Stølen. Dette gjeld vassforsyninga til Urke Fiskeoppdrett A/S.

019(2)

Frå sætrebrua i Likkjedalen (Haukåssætra) er det lagt ny rørgate til Urke Fiskeoppdrett.

Den eksisterande vegen til Haukåssætra og vidare til inntaket er opprusta og det er bygt nye, forsterka bruer over elvane. 

022(2)

Stasjonen skal sjå slik ut sett frå vegen innanfor brua .  

I kraftstasjonen kjem det inn ein 6-stråla peltonturbin og ved normal vassføring skal det bli ein årsproduksjon på 35 GWh – dvs. straum til 1750 husstandar. Ca. 7 % av årsproduksjonen til Tussa skal kome frå dette kraftverket. Det er sett av eit budsjett på 80 mill. for prosjektet.

Vi vil følgje utviklinga av prosjektet vidare i portalen!