Som avsluttning av årets Naturfestival blir det familetur til Tyssedalen og topptur til Bjørkehornet komande søndag.Turen går under navnet "Til Topps med Tussa" og er ein tur for dei fleste.Det vert ein todelt tur der den som ynskjer det, vert med på aktivitetar ved Tyssevatnet og Tussahytta.Her vert det fiskekonkurranse og bading,i regi av Bjørke IL. Det andre alternativet er å verte med til Bjørkehornet som ragar 1430 m.o.h. Dette er ein tung tur,men overkomeleg for folk som ferdast ein del i fjellet. Turen går i ein del vått terreng sjølv i fint ver.Noko sidebratt er det òg.Toppturen krev godt fottøy,ikkje joggesko!
Det vert utdelt premiar frå Tussa til alle som deltek. For meir informasjon og påmelding sjå aktivitestkalendaren eller www.naturfestivalen.no
Vi håpar sjølvsagt at regnet har gitt seg til søndag og satsar på ein flott dag for alle.
Utsyn frå Bjørkehornet i dag, 3 august klokka 13.00.
Kommentarar
kvar råsa starter på Bjørke.
Det som skal stå på Bruasletta er ferdig men eg har desverre ikkje påler nå å sette skiltet på.
(TYSSEDALSRÅSA 400 m)
Eg har notert meg det turistene gir meg beskjed om bør ornes med råsa.
Vi som er kjent i råsa ser ikkje feila så lett som ukjente.
Gi meg gjerne beskjed om utbetringer som må ornes.
Vi har nå fått løyve til å Parkere ved Busskuret
på Bruasletta. Parkeringskilt skal opp.
Der må vi prøve å gruse litt å lage til rasteplassen og sette opp ei bosskorg.
Mykje av mi tid i sommer har desverre godt med på Musikkverkstedet som Ungdomslaget skal lage til.
Blir lite rydding i råsa når man sitter i papirhaugen og i telefonen.
Råsa og parkering blir nok ikkje heilt ferdig før til neste sommer .
Då må vi lage til fest.