Lakselusa på Storseiden

Vi tok turen til Lidajølvika,men fisken nappa ikkje.
Vi tok da turen til Hustadneset og Johan venta spent på middagen...
Jørn og Arne Johan fiska med dorg og eg leita opp fisketroda med blå stingsild på.
Vi venta og venta,men trudde sjøen nermast var døde for fisk,da det nappa på troda.
Her var det berre å slakke på for no beit storfisken...no måtte sena ikkje ryke..
Fisken kom endeleg til overflata...og vart blogga.Etter nermare øyesyn oppdaga eg lakselus på storseiden.
Nokon som har sett det før ??
Regnbyga innhenta oss,middagen var berga og vi tok turen heim på land.
Astrid (02.08.2007 kl. 23:28)
Gratulere med fangsten. Regna me Johan var fornøgde.
Ann Kartin Hjorthaug
Astrid tok storfisk i fjor og (01.08.2007 kl. 23:39)
Gratulerer med stor seien..
Men den var jo mindre enn den du fikk, i fjor. Du husker torsken på 3 kg, du fikk på brygga.
Håper du og Johan får en fin tur, til Oslo i morgen. Vi gler oss:)
Venke Hustadnes
Lus (01.08.2007 kl. 12:29)
Det fins i fylgje litteraturen ca 10 arter av lus som går på fisk i Noreg. Dei er såpass like at det må undersøkelsar under lupe til for å fastslå art. Lakselus skal vanlegvis ikkje gå på marine fiskearter, det gjer derimot seilus som har sei og lyr som sine hovudvertar, og torskelusa går på all slags torskefisk. Torskelusa er ganske vanleg på torsk, men sit gjerne inne i munnen slik at ho er vanskeleg å oppdage.
Odd Leknes
Lus (01.08.2007 kl. 11:51)

Lite mat for lusa og.. (01.08.2007 kl. 10:08)
Lusa og merker vel at det er lite laks så ho må finne seg nye beitemarker... Naturen tilpassar seg.
Arnfinn Mork