Vi starta ved parkeringsplassen innerst på vegen på Stokkesida, og velgde då den ruta som går ved "bjønnalauget" der.
Vi rota litt med nokre "hjorteråse" før vi kom innpå rette råsa .
Her er vi i full driv oppover mot ryggen til Stokkehornet.
Her sit vi og nyt utsikta før vi går laus på det brattaste partiet mot toppen.
Som de ser er det ein sprek og blid gjeng!
Her er vi kommne på toppen!
Det er vel ikkje så ofte der er trangt om plassen på Stokkehornet.
Veret var fantastisk og det var utsikta og.
Kvar gong har vi ei lita "seanse" med Sjølvutløysar på kameraet med meir eller mindre vellukka resultat! 
Nokre av oss var ein tur bort til "Ørneredet" sola var bakom ein knaus så stemninga vart litt trollsk!
Turen var fin, og alle kom seg trygt opp og nedatt.
Alder! (29.08.2007 kl. 13:33)
Den yngste i fjor var vel 9 år, i år 13 år, ellers er det svært variert både kven som er med og alder.
Dersom alle som har vore med vart talde var vi nok oppe i nermare 50 stk det er bra!
Bodil Skare
lurer på... (12.08.2007 kl. 22:05)
Kor gamle er dei yngste som er med på mandagstrimmen?
Synnøve Mo
Navn (09.08.2007 kl. 00:13)
Eg fekk beskjed om at artikler burde inhalde navn på personene på bilda.
Admistrator meinte dei blei bedre då.
Eg meiner man må spørje etter lov skal man legge inn navn under bilda.
Kva meiner dere.
Perry Bjørke
Takk for skryt! (08.08.2007 kl. 16:22)
Eg er ingen god fotograf, dette var berre flaks!
Men eg takkar likevel :+)
Interessa for turane er svært variabel, på det jamne er vi 12-14 stk, på det dårlegaste 1
og 2.Veit ikkje om det har vorte betre oppsluttning av reklama på portalen, men det er i allafall ikkje dårlegare.
Bodil Skare
Bileta.. (08.08.2007 kl. 11:56)
er kort og godt glimrande.
Ivar Svein Mo
Fotografen! (08.08.2007 kl. 11:20)
Fotografen er Bodil sjølv ho er svært flink,he til og med lært seg med sjølvutløysaren so då he me det fole løye !!! så bilda er alltid vellykka enige??
AnnHelene Wille
Det kan no ikkje være ... (08.08.2007 kl. 10:39)
nokon bakdel for oppslutninga at fem seks hundere får lese om turen kvar dag!
Flott Bodil, det er kjekt at du skriv om turen. Men kven er fotografen, eg er imponert over kor flink fotografen er, så her kan vi vel få eit namn? Spesielt var ingressbilete eit blinkskot.
Ivar Svein Mo
(07.08.2007 kl. 23:59)
Har dokke opplevd auke i interessa for måndagstrimmen etter at dokke byrja å leggje ut desse referata på portalen?
Tor Eirik Trandal
Takk Bodil! (07.08.2007 kl. 23:19)
Det er kjekt at du tek arbeidet med å fotografere og leggje ut bilete og referat her på portalen etter mandagsturane. Neste mandag satsar eg på å vere med.
Siw Lillebø