Fleire har hevda at laksefisket i Bondalselva har vore kastastrofalt dårleg denne sesongen. Dei har sikkert hatt rett, men trøsta får vere at fleire andre lakseelvar har opplevd tilsvarande situasjon. Men i desse elvane vert det sett i verk tiltak for å bremse/hindre laksefisket, men kva vert gjort i Bondalselva?
For nokre åt tilbake vart det bestemt at laksesesongen i Bondalselva skal vare fram til 1. september. No i ettertid er det lett å sjå at det var eit feil vedtak. Problemet er- og har vore at nesten all laksen som går opp i elva vert fiska opp av ivrige fiskarar. Dermed vert det svært få fiskar som får gyte. Ein treng ikkje vere professor for å forstå at dette ikkje fører til fleire laksar/pjakkar i elva i seinare sesongar.
Etter mitt personlege synspunkt burde Bondalselva vore stengd for laksefiske allereie 1. august slik som i Ørstaelva. No har det rett nok - også etter lakseprotokollen ved Hustadbrua - gått opp nokre fiskar etter denne datoen. Men dei burde ha fått vore i fred i elva til dei skulle gyte. Heldigvis for laksen har vi hatt ein del nedbør i det siste. Dermed har elva ikkje fått bli så lita som ho gjerne vert på denne tida av året og laksen vert vanskelegare å oppdage. Utan tvil er det nokre få laksar att i Bondalselva så difor: Steng Bondalselva for fiske no.
No vil vel nokre hevde at ei stenging av Bondalselva no vil føre til mindre besøk av turistar. Kanskje, men her må ein tenkje lenger framover. For det første er no turistsesongen nesten over, for det andre er det no berre nokre få veteranfiskarar som er att i elva, men desse er effektive og får med seg mange fiskar/laksar, om dei får lov. Og kva med framtidig lakseturisme om vi fiskar opp all gytefisken?
Jakob Hustad med den første laksen/pjakken sin.
Det er ei fantastisk glede å få sin første pjakk/laks. Heldigvis har eit par unge fiskarar fått oppleve dette også i år i Bondalselva. Dersom Bondalselva vert steng for fiske no, vert sjangsane betre for dei unge å få fisk i åra framover. Utan tvil.
Og om nokon skulle lure: Dette er mitt personlege synspunkt, men eg veit at mange meiner det same.
P.s.: Eg legg ved ein link til saka der det vert opplyst at elva no er stengd for alt anna enn flugefiske.
Kommentarar
Historia har vist oss at vi alltid stoppar for seint og overbeskatning og utrydding av arter og mangfald blir resultatet. Dersom ein stoppar fisket i elva, kan det kanskje også være eit signal til styresmaktene så dei og får opp augene for kva som skjer.
Det har med oppdrettsanlegga å gjere. Og dei greier ingen å fjerne før det er for seint.
Men la oss sleppe å få skulda for at vi tok den siste.
Ëin kan like godt spikre att døra til klekkeriet med det same!
Vis no ein gong for alle at det er litt tess i dokke!
Hald fokus på Bondalselva!
Sjå bort frå, i denne omgong, årsaka til den miserable stand villaksstamma er i. (Eg er forresten overtydd om at sterke reaksjonar kjem frå villaksinteresser. Dei må kome!)
Realitetane er at dei høgst 200 laks/pjakk og aure over 1 kg som er teke i Bondalselva i år, burde samtlege få stå i fred i elva.
Det er for seint no, men for Guds skyld. Steng elva straks for alt fiske!
I påvente av vonlege tiltak mot lakselusa/rømd oppdrettslaks (vaksine er bl.a allereie framforska) må vi freiste å verne det vi kan av stamma i elva.
Her er det eit omsyn å ta. Omsynet til villaksen/auren. Alle andre interesser er underordna!
Eg er einig med Knut Riise. La vere å kultivere elva i år. Det er meiningslaust å finkjemme elva for dei få gytefiskane som er, og flytte dei til klekkeriet.
Det er no 4 året på rad elva har vore ope for fiske til 1. september. Grunneigarane sjølve er det som sidan 2004 bestemmer fisketida innan perioda 15. juni-1.september. Ansvaret ligg her.
Eg oppmodar styret i elva om å ta til fornuft straks og stenge ho for alt fiske. Noko anna er totalt meiningslaust!
Det må snart gå opp for ansvarshavande kva stand laks/aurestamma i elv er. Kanskje er det leik med tal, men pr. i dag er omlag 350 fisk(!) teke i elva.
2-3% av fangsten i dei gode åra......
Det syner dagens realitet. Men og potensialet for Bondalselva.
Pr. i dag er det teke om lag 350 kg i elva. Ikkje antal fisk eg kom i skade å skrive.
Antal fisk er om lag 150.
Eit sjokkerande og utruleg lågt antal!
Sin første pjakk.
Eit flott bilete! Eit minne han livslangt tek med seg.
"Villaks gjer noko med oss......!"
Det er like mykje som på eg dag i gamle dager.
3-5 lakser på 5-10kg og 5-10 pjakker + kreder var ikkje uvanlig før på en dag
At mine tusener av praktiske og teoretiske timer er selektiv glemsel hos grunneiere på Hustad, kan jeg vel leve med.
Historieløshet er blant menneskets svøpe, men det får då være grenser! Det er noe som heter "å rette baker for smed." (Om bakersønn aldri så mye!)
Det er på tide at ansvarlige i elva tar et oppgjør med forvaltninga. I denne omgang å stenge ho.
Villaks, være seg i Hjørundfjorden eller andre steder, er av allmenn interesse å ivareta. Bl.a i Atlanterhavskonvensjonen er det Norge påbudt å ivareta den. Såvelt lokalt, nasjonalt som internasjonalt ansvar.
Den "Ranch-eier" rolle som enkelte i Bondalselva ynder å påberope seg, kan de legge vekk. Den hører fortida til.
Det er ikke mange stega å ta til "loggboka," kjære grunneier. Der kan en se den bedrøvelige tilstand laksestamma er i.
At den samme statistikk med et trylleslag blir 3 eller 4 dobla ved oppgjørets time, viser seriøsiteten.
Stenging av elva er det no som fornuftig nok blir foreslått.
Som om stenging er noe revolusjonerende!
Jeg skal eksempelvis friske litt på hukommelsen til enkelte.
I 1996 ble det, som en konsekvens av et elendig fiske de par år forut, bestemt av Direktoratet at Bondalselva og Ørstelva skulle stenges 15. juli. (Stikk den!) For åra 1996,97 og 98.
Det ble akseptert selv om fangsten i 1996 var det mangedoble av årets!
Etter snart 20 år i praktisk "villaks-embeds medfør" (No er eg berre teoretiker......)måtte jeg i 1999 p.g.a sykdom gi meg.
Nye koster fikk feie...... Langsomt ble sesongen bl.a på grunn av manipulert statistikk utvida. Fram til 1. september i dag.
Skal villaksinteresser vinne frem i kampen mot det som forlengst er en etablert sannhet, nemlig konsekvenser av oppdrettsnæringa, kan en ikke "ture" frem som en no gjør. Nemlig å lukke øynene for fakta.
Pr.i dag er mindre enn 200 fisk tatt i elva. Ensbetydende med nesten ei utrydding av villaksstamma. Ei mager trøst er det å sammenligne med andre elver på Sunnmøre. Være seg fangst eller fisketid. Bondalselva har vært og burde være flaggskipet blant smålakselver såvel lokalt som nasjonalt. Det tilsier at vi via forvaltning sender ut positive signal.
Det er nesten parodisk at de samme personene som bifaller mitt engasjement for nasjonalstatus er de som som stritter imot å ivareta ei fornuftig forvaltning av elva.......
P.S
I etterkant forstår en grunnen til den dramatiske nedgangen i villaksstamma fra midten av 90-tallet.
Ekspensjonen i oppdrettsnæringa med den gang uvitenhet om lakselus og rømt oppdrettslaks.
Ingen kommentar er borte, men i det siste har det vore to saker om Bondalselva - ein artikkel og ei nyhendesak. Eg har på slutten av denne artikkelen no lagt til ein link til nyhendesaka - berre trykk på ordet "flugefiske" heilt til slutt i artikkelen.