CIMG6200

 Anette og familien har feriert på Sæbø i 24 år. Dei er svært gla i naturen som vi har her ,

der dei kjem fra har dei ikkje høge fjell fortell Anette.Når eg spør Anette kva dei styre med

dagane, fortell ho at det ho likar aller best er og plukke blåber. Det har dei helder ikkje

Tyskland.Elles er mannen Olav svært gla i fisking i elva, han reiser tre veker før Anette

 og borna kjem, og fiskar i Gaular før dei kjem til Sæbø.

Anette likar og sole seg,men denne ferien har det vore minimalt med sol, ho er gla ho

hadde seg ein jente tur til syden tidligare i vår.

Ifjor fekk Anette "smaken" på og gå på fjellturer og det også toppturer.Ho var

med nokre av oss på Grøtdalstinden og det var berre heilt "shönt" som ho sa.

I år har Anette vore trufast på mandagstrimmen og synest dette er eit flott tiltak,

ho var med på sæbønestua og vi trudde ikkje vi skulle få henne med oss heim,

for der var mykje blåbær og ho syntest vi måtte plukke alle vi såg!!

Imorgen reiser familien tilbake til Tyskland,men dei har feira jula her tidligare og

ser ikkje bort ifrå at dei kjem tilbake i år til jul.

CIMG6198

Her ser vi Anette (til venstre) koser seg på Sæbønestua . Vil ønsker Anette og

familien god tur og Velkomen tilbake til Sæbø.