I Finnmark er lyser vakkert, vert det gjerne sagt.  Og det er sant nok.  I Alta skin middnattsola fram til ca.  20. juli.  Men når denne datoen nærmar seg, vert denne sola vanskeleg å få auge på sjølv om natta er lys.  Det har sjølvsagt samanheng med at det er fjell også i Alta - sjølv om dei fleste ikkje er så høge.

P1010186 (Large)

Den 23. juli ca. klokka 2245.  Foto tatt frå bilveg til vidgjetne kratverket i Alta.

Fotografiet over er teke litt høgt - frå Finnmarksvidda sør for Alta.  Alta ligg elles så langt aust at sola er på sitt lågaste ca. klokka 24 no når det er sommartid.  På fotografiet under ser vi at sola er i ferd med å gå bak om eit fjell, men det er her like før ho snur opp att.  Fotoet er tatt ca. klokka 2335 nær Alta sentrum.

P1010188 (Large)

Foto tatt ca. klokka 2335 frå Tollevika ved Alta sentrum.  Om ca. 25 minutt er ho på veg opp att.

Men allereie eit par dagar seinare var det på tide å vende nasa heimover for oss ferierande.  Vi skulle legge bak oss ca. 195 mil før vi var heime i Bondalen.  Å køyre frå det lyse nord til det mørkare - og meir haustprega? - sør kan nok vere ein liten nedtur, men sjå; kva møter oss på Bobdalseidet ca. klokka 0445  den 26. juli?   No hadde eg ikkje noko godt fotoapparat tilgjengeleg, men det lyset som møtte oss var minst like flott som fotoet under syner.

Frå Bondalseidet

Soloppgang bak Lissjedalshornet.