MN-bilde 005

Tommy Riise Olsen skåra tre mot Kvamsøy, medan Øyvind Taklo hadde lyst å kysse alle etter sitt første mål på Sæbø stadion i sin attande sesong på Sæbø. 

 

Det var stort sett einvegskøyring frå start til slutt i kampen. Kvamsøy/ÅVK 2 hadde den første sjansen, men i resten av første omgang var det berre Sæbø.

Marius Riise opna skåringsballet etter 12 minutt, då han runda målvakta og sette ballen i ope mål etter eit fint framspel frå Lars Urke.

To minutt etterpå vart det 2-0 etter eit langt Sæbø-angrep. Kai Skår var sistemann på ballen.

Etter 29 minutt vart det 3-0. Tommy Riise Olsen skåra sitt første mål for dagen dpå han berre breisida eit innlegg frå Terje Holen i mål.

Sju minutt før pause vart det 4-0. Tommy fekk fulltreff frå atten meter, og han klinka ballen i krysset.

 

Andre omgang var ni minutt gammal då Espen Frøland fyrte av. Med venstra skaut han ballen inn nede ved stolperota.

 

Eit kvarter ut i kampen fekk Sæbø straffespark. Bjørn egil Espenakk var eksekutør, og skåra sikkert.

 MN-bilde 003

Lars Urke kom på skåringslista fredag kveld. 

Lars Urke skåra sitt første mål for Sæbø etter returen for Volda etter 27 minutt av andre omgang. Målet kom etter ein fin enkeltprestasjon.

 

8-0 laga Tommy etter 32 minutt. Han bomma på første forsøk, me nreturen sette han i mål.

Sæbø hadde no lagt om til ei noffensiv 3-5-2-formasjon, men det vart vel offensivt då alle ville skåre og gå i angrep. Det vart heller ein 3-1-6-formajson, og då går det gale. Kvamsøy kom inn i kampen og skåra to mål.

I kampens siste minutt kontra Sæbø. Kai Are Skår kom laus på høgrekanten, og der kom Øyvind Taklo på eit sugande løp og sprang inn 9-2. Det var Taklo sitt første mål på Sæbø stadion i karrieren. Taklo er dessutan leiar i fotballgruppa, og viste seg som ein stor hærførar.

Då var kampen slutt, og Sæbø er no igjen i føringa i sjette divisjon. Sæbø opna haustsesongen med å tape 2-8 for Volda2, før det vart siger 7-4 mot Hødd3/Hasundgot sist tysdag. Fredag vart det altså 9-2-siger mot Kvamsøy/ÅVK2.

Sæbø er inne i eit hardt kampprogram, og alt måndag er det klart for ny kamp. Då er det ein vanskeleg bortekamp mot Flø.

Dommar i oppgjerer fredag kveld var Dagfinn Strand. Han kom svært godt frå oppgåva. 

 

Klikk her for å sjå tabellen på "speaker.no"