Kva gjer du om du er rev, har tre små heime i hiet, men har litt lite mat?  Jau, då er hyttebesøk ikkje så verst...

P1010089 (Large)

"Pekka" lurer til seg hundematen ein sein kveld.

Plutseleg ein kveld var han der - reven - rett utanfor hyttedøra.  Og ikkje berre det, tru det eller ei så hoppa han opp på eit bord og stakk snuten heilt inn til eit vindauge.  Det var nærast som han spurde etter mat.  No er det vel kanskje ikkje rett å seie "han", eller gje reven namnet Pekka - for det var nok ein ho-rev det var snakk om. 

No må det nok seiast at underteikna ikkje er nokon stor tilhengar av  revar, spesielet ikkje i perioden når ein slepp nyfødde lam ut på beite om våren.  Men no var vi i Finnmark...  Men fru Pekka sette stor pris på maten ho fekk - i alle høve i byrjinga.  Ho fekk nemleg kylling.  Neste dag var Pekka der på nytt.

P1010106 (Large)

Neste dag var fru rev - Pekka - tilbake igjen.

Vi sag at Pekka ikkje åt så mykje av maten sjølv.  Nei, ho fyllte opp kjefen med mat og når den var full forsvann ho opp  bakken bak hytta.  Utan tvil hadde ho ungar der ein stad.  Pekka var nemleg litt pjuskete i pelsen.  Difor sette ho nok pris på litt lett tilgjengeleg mat.

Etter kvart vart det sjølvsagt tomt for middagsrestar, og kva gjer ein så?  Hytteigar Roald Somby dreiv med røkting av vatnet like ved hytta (Leirbotnvannet).  Vi hadde såleis fanga mykje smårøye i teiner.  Desse røyene kom no godt med - i alle høve for fru rev.  Etter kvart åt ho nærast av handa.

P1010113 (Large)

Her får fru rev mat av Jakob (Hustad).

P1010115 (Large)

Men kylling er no betre enn fisk...

Siste rapport frå hytta ved Leirbotnvann fekk vi i går.  Pekka vitja framleis hytta ein gong eller to for dag sjølv om ho nok set meir pris på kylling enn fisk.

Fleire dyr.

No nemner vi i same slengen eit par dyr til. Langs riksvegen i indre Finnmark - t.d. ved Kautokeino - er det vel knapt eit reinsdyr på denne tida av året.  Nei, dei held denne tida til ute ved kysten. (Fleire av dei i gatene i Hammerfest, skal vi tru lokalavisene.)  Men på veg heim traff vi fleire reinsdyr som beita langs vegen.  Og ikkje berre det - fleire gjekk også på vegen.  Det var berre å vise omsyn, reinen såg nemleg ikkje alltid ut til å bry seg om biltrafikken.

P1010236 (Large)

Denne reinen i Nord-Finnland gjekk i alle høve på rett side av vegen.

Når ein køyrer mil etter mil, må ein av og til ta seg ei pause - gjerne på ein rasteplass.  Vi fann ein fin rasteplass ved grenseelva Torneåelva mellom Finnland og Sverike.  Vi hadde akkurat fått i oss mat då krabaten under dukka opp.  Når ein treff på eit ekorn, er det ofte vanskeleg å få fotografert det.  Det var ikkje tilfelle med dette.  Rett nok klatra han opp i eit tre, men så sette han seg til ro.

P1010240 (Large)

Er eg ikkje vakker?

P1010241 (Large)

Kanskje du heller vil ha eit fotografi frå denne vinkelen?

Så ein liten quiz til slutt.  Tilfeldigvis veit eg at Knut Riise ikkje berre er interessert i blomar.  Han har også eit godt auge til fuglar, ja, han har til og med kjøpt seg ein ny fuglekikkert av høg klasse.  Difor er denne quizen nærast spesialtilpassa han, men sjølvsagt må alle andre også gjerne svare på dette spørsmålet:

Kva heiter fuglen under?  (Eg bed om orsaking for dårleg fotokvalaitet)

P1010145

P1010142

Slik ser den ut når den flyg.