Idag kom endeleg den store dagen då det var klart for å få plass den etterlengta brua. Trafikken av fotturistar til Tyssedalen har auka mykje i sommar , og det er difor svært gledeleg at det gode samarbeidet mellom ÅST og Tussa Kraft no har resultert i denne brua.
Her er den fyrste stolpen som skal ligge over elva på veg med helkopter.
Og her er den trygt plassert på fundamenta som vart tillaga tidlegare denne månaden. Brua er plassert akkurat der den gamle stod. Restane av gamlebrua ligg oppsamla til venstre på biletet.
Her er alle dei 3 stolpane komne på plass, og det er klart for å gå igang med finjustering før dekket og rekkverk skal på plass.
Som ein ser av den dårlege kvaliteten på bileta ( regn på linsa ) var det eit voldsomt regnver då vi heldt på med arbeidet. Vi såg nesten kor fossen vaks medan vi heldt på.
Diverre måtte underteikna forlate staden før meir arbeid var utført. Får heller prøve å kome tilbake med fleire bilete seinare, og då med betre kvalitet og frå andre vinklar.
Råsa var meir som ei elv då eg gjekk nedatt.
Og slik såg Tyssefossen ut idag ( fredag ). Sjølv utan overløp.
Tok nokre nye bileter laurdag ettermiddag. Trudde eg skulle rekke å få bilete av dei 3 karane som har gjort det meste på brua, men dei var allereie ferdige og hadde gått innatt til Tyssenaustet for ei velfortent kvild.
Biletet viser litt av den flotte og ville naturen ein opplever på veg opp til Tyssedalen. I dag var elva mykje mindre enn i går , men likevel eit fantasisk skue å sjå der ho renn ned gjennom gjølet.
Slik ser den solide brua ut. Vonar ho blir ståande i lang tid framover , og ikkje opplever same skjebne som dei to foregåande bruene. Naturen kan vere tøff her oppe !
Trange gjøl og flotte jettegryter rett nedanfor brua.
Brua sett frå Bjørkesida av elva.
Då eg ikkje greidde å få bilete av dei 3 ivrige og flinke brubyggarane under arbeidet i dag, gjekk eg inn til Tyssenaustet og uroa dei under ei velfortent kvild. Her er det Arnulf Kvalsvik og Asbjørn Stave frå Sykkylven som står i inngangspartiet til Tyssenaustet. Let Rolf Saure som akkurat hadde lagt seg ned for ein strekk få nyte den.
Her er primus motor for brubygginga, Rolf Saure, i ferd med å lime fast boltar til fundamentet. Dette arbeidet vart utført 23.07 og 24.07. Bilete er noko grått pga. skodde.
Det må nemnast at det også var desse 3 karane som sto i bresjen for bygginga av Tyssenaustet. Stor honnør til dei !
Det er sikkert fleire som har delteke og som burde nemnast, men med faren for å gløyme nokon så let eg det vere .
Vonar at brua fører til at enno fleire tek turen til og får oppleve den storslåtte naturen i Tyssedalen og området rundt