22 spelarar, dvs. 11 jenter og 11 gutar, tre trenarar, fire foeldre og Marta (maskot og likjesyste) reiste 28. juli til Oslo for å vere med på Norway cup.
Laurdag.
Stopp på Strynefjellet for inntak av mat og drikke.
Vi reiste i Sæbø-bussen og Åmås-bussen. Vi var veldig kry av å reise i eigen buss, bortsett frå når vi laga trafikkkork og tok ulovlige U-svingar..
Men som Bodil seier: "Vi er ikkje reist til Oslo for å gjere oss populære i trafikken!"
Ny matpause. Thomas i djup konsentrasjon!
Endeleg framme og på plass i klasseromet.
Dei ville plassere jentene på tre forskjellige små grupperom men då vart Ann-Elin nesten sint. Vi skulle ha eit stort klasserom til kvart av laga, dermed basta, og slik vart det!
Søndag!
Vi vann 3-2 over Lesja/Lesjaskog! Jenny, Torill og Kathrine.
Sivert i angrep! Gutane vann første kampen mot Antazawe 3-2!
Så kom regnet. Men vi fekk berge Oddhild, Heidi, Martin og jentene under tak!
Blide gutar etter seier i første kamp!
Bak: Yngve, Martin, Sindre, Thomas, Mikkel, Bjørnar og Mats. Framme: Jon Martin, Andre, Jakob, Sivert, Truls og Øystein.
Mandag!
Framleis ryddig på romet. Mikkel, Øystein Dimitri, Sivert, Martin, Jakob, Thomas, Bjørnar, Andre og Jon Martin.
Bodil og Marta i hinderløype for å få premie.
Gjørmekamp mot Sauland, vi vann 4-0!
Kjære Bodil, "Kan vi få kome inn?" Malene, Ida og Else Marie.
Kamp på Ullevål! Vi var alle saman på kamp mellom Lyn og Fredrikstad.
Bodil er flink å nytte tida!
Tirsdag!
Pause i kampen mot Brønnøysund, trenarane gir instruksar! Kampen enda med tap 0-2 og gutane er klare for B-sluttspel.
Lunsj i Ekeberghallen.
Malene og Else Marie (frå Sæbø/Åmål?) var finalistar i triksekonkuransen om ein tur til Kina for heile laget. Det vart ikkje Kinatur denne gangen, men dei prøvar igjen neste år!
Else Marie blir interjuva av Stian Barsnes Simonsen!
Ida gav alt i kampen mot Giv-Akt/Spangereid.
Kampen enda uavgjort 1-1 og Sæbø/Åmdal kunne juble over puljeseier og A-sluttspel!
Onsdag!
Seier 3-0 over Harøy, jentene er vidare og Roger svevar!
Torsdag!
Neste kamp mot Vaulen enda 4-0 og jentene er klare for kvartfinalen mot Larsnes.
Marta er maskoten til alle, her på skuldrane til Øystein!
Begge er klare til å heie fram jentene til seier mot Larsnes.
Det vart seier 2-1!!
Pizzakveld på Peppes Pizza. 20 pizza gikk med!!
Fredag!
Heile gjengen skal på bowling, måtte berre prøvesitte ein tiger først, det har vi nemeleg ikkje på Sæbø!
Marta som det naturlege midtpunktet!
Sindre, Andre, Jakob, Mikkel, Thomas, Sivert og Martin bowlar.
Glade jenter etter tapet mot Hald. VI HAR VUNNE BRONSE!
Jentene hadde ikkje tapt før denne kampen, 1 uavgjort og resten sigerar! Dei hadde til då skora 17 mål og sleppt inn 4! Hald var større og spelar dessutan på seniornivå. Vi har med spelarar f. 91.92 og 93 + ein i 90 så jentene er kjempego! Dei spelte i ei pulje med sterke lag, likevel vann dei pulja.
Laurdag!
Vi avslutta turen på Tusenfryd og køyrde heim i natt. Vi var fire sjåførar så delte på køyringa og alt gikk greit!
Bortsett frå:Etter Tusenfryd tok vi oss ei ekstra runde inn i Oslo sentrum for å ta farvell.?! Var ikkje SÅ lett å sjå forskjell på E18 og E6. Trur ikkje vi vart særleg meir populære heller... Viss det ikkje var derfor dei fløytte då?! Hadde det ikkje vore for Torill hadde vi kanskje vore der ennå..
Har tjuvlånt dette bildet... Teke på Tusenfryd!
Vi hadde med tilsaman 22 spelarar frå 14 til 17 år. Vi "vaksne" er veldig inponerte over kor kjekke alle saman er. Vi opplevde berre positiv oppførsel, ikkje ei einaste episode med noko tull!
Dessutan var dei flinke til å heie på kvarandre, stod til og med tidleg opp for å følge kvarandre!
Heile bygda har grunn til å vere kry av dei kjekke ungdomane våra!!
Glade jenter med pokalen! Kaptein Torill og Liv Grete.
Bronsejentene: bak, Else Marie, Ida, Kathrine, Rebekka, Jenny og Rebekka.
Framme: Torill, Malene Liv Grete, Elisabeth og Tiril.
Kommentarar