Bondalselva/Hjørundfjorden vart saman med Ørstavassdraget og Ørstafjorden innstillt verna mot oppdrettsnæring som eit resultat av ei nær 10 årig høyring. Bondalselva og Hjørundfjorden vart urettmessig og utan argument ekskludert...... Etter mitt skjøn. Ørstafjorden var av inga interesse for oppdrettsnæringa.Her kunne ein ikkje etablere seg p.g.a terskelfjord/straumtilhøve. Av den grunn fekk elv og fjord nasjonal laksestatus... Statistisk kva fangst vedkjem er vassdraget Bondalselva underlegen. Ser ein på kartet, sluttar Ørsta-fjorden ved Rjånes. Frå her er det fritt fram for oppdrett. Dvs. i Vartdalsfjorden. Der oppdrettsanlegg med konsekvensar er etablerte. Ørsta Jeger og Fiskeforeining kjempar ein fortvilt og tapt kamp. Det spelar inga rolle kor mykje yngel dei set ut/elva produserar. Vartdalsfjorden slukar utgåande laksungar. Interessant vert det å sjå i kor stor grad vedtektene for nasjonalelv/fjord vert gjennomført. Dvs. at oppdrettsanlegg må vekk. Avdi dei hindrar "fri ferdsel" for laksungar frå eit nasjonalt laksevassdrag på veg mot eit havleg oppvekstområde. (Gjennom Breisundet) Her kjem Bondalselva/Hjørundfjorden inn. Pr. i dag er sperregrense mot oppdrett i Hjørundfjorden intakt. Etablering av oppdrett i Hjørundfjorden er forbode. Den massive oppblomstringa av drepande lakselus i Ørsta/Vartdals og Hjørundfjorden som er i ferd med å øydeleggje 2 av dei fremste smålaksstammene i landet, kjem i hovudsak frå oppdrett i vår eiga kommune.......Ørsta-vassdraget med fjord er berre kamuflasje. Det er Hjørundfjorden oppdrettsnæringa "siklar" etter. Difor i det følgjande valet. Stem på personar/parti som vil halde fjorden fri for oppdrett!
Protestlistene med meir enn 800 underskrifter frå enkeltpersonar, lag og organisasjonar mot oppdrett i Hjørundfjorden ligg på Rådhuset i påvente av eit nytt kommunestyre. Følgj med!
P.S Eg tillet meg i Møre-Nytt no framfør valet å ufordre dei politiske partia om kva synspunkt dei har på "problematikken" ovanfor. Kan representant(ar) klargjere for oss veljarane kva partia meinar i saka om oppdrett i Hjørundfjorden.
Senterpartiet har på Hjørundfjordportalen gjort reie for at dei går klart imot oppdrett i Hjørundfjorden. Bra! Då veit vi deira synspunkt. Så no ventar eg med spaning på dei andre partia!
Kommentarar
Vonleg orienterar lokale politikarar seg her på portalen. Difor er det kanskje på tide, no framfor valet, at dei gjer seg "til kjenne."
Som i tipping garderar eg og antek med det at veljarane får svar.
Utfordringa kjem difor her og i Møre-Nytt.
I ei sak som særs mange i Hjørundfjorden(og elles i Ørsta kommune) er oppteken av, ser eg/vi fram til ei klargjering. Først frå Senterpartiet, som pr. svar overlet stafettpinnen til SV.
Som i idrott generelt vert ein diska om ein utelet å møte opp.......
Eg vel å ikkje gjere det, og eg veit at alle i mitt parti(SP;) kastar seg på denne karusellen for å gjere kvardagen betre for innbyggarane i kommunen. Og vi Hjørundfjordingar i SP (som eg fortsatt kallar meg) gjer det vi kan for å setje det som angår Hjørundfjorden på dagsorden. Vi er talerør for våre veljarar, og IKKJE motstandarar som det her kan sjå ut som det blir lagt opp til!
Eg skjønar ikkje helt kvar du vil og kva du meinar.
Etter beste evne har eg redegjort for ein prosess. At eg spør SP om deira synspunkt i saka framfør valet er vel rederlig.....?
Det første partiet vart Senterpartiet.
Dei andre partia må seinare svare for seg sjølve.La du merke til at SV er neste parti utfordra?
Kommentaren din får veljarane sjølv ta til ettertanke.
Argument i saka vart ikkje presenterte. Soleis vart korkje eg eller potensielle SP veljarar klokere.
Hårsårheita di Unn må du legge bort.
"Skal ein fange djupvannfisk må søkkjet vere i orden....."
Eg håpar dette gav eit svar, Helge :)
Dersom du blir valgt inn i kommunestyret Unn så håper eg at du har tid til å jobbe med sakene i kommuna og for oss alle.
Det er en tøff jobb berre å lese gjennom alle saker før møtene.
Eg ønsker deg lykke til i arbeidet.
Eg trur mange politikera ikkje set seg godt nok inn i sakene før møta.
Eg høyrer av til om at dei pløyer igjennom saksdokumenta.
Slikt går ikkje ann når man skal ta avgjerende valg for alle i kommuna.
Eg også blei spurt om å stille på ei liste men nå når eg jobber med kulturen tok eg ikkje sjans på å ta på meg 1000 timer til for politikken.
Eg får ofte matriell frå KS (Kommunenes Samarbeid organ)tilsendt.
Mykje tid berre å lese gjennom det dei sender ut.
Eg les stort sett berre igjennom det som omhandler frivillighet i kommunene.
Nei, Unn eg hadde inga baktanke med det eg skreiv. Velmeinande for fjord og elv som alt eg har skrive i denne saka.
At SP som det første parti utfordra var tilfeldig.Dei andre partia vil likeeins verte forespurde.
Nasjonalstatus for elv og fjord har eg lagd bak meg. (Sjølv om det sit langt inne......!)
Argumentasjon fram til endeleg avgjersle må ein no berre akseptere.
At frontane stundvis ha vore steile er demokrati i praksis.