Nyttedyret marihøna har eg aldri sett så store mengder av som i år. Det skulle vel vere eit bevis på at vi ikkje overdriv med bruken av plantevernmiddel?

Tek ein seg tid til å studere fronten på forhaustaren så ser ein mykje rart. Det er ofte åmer av ymse slag som aular. Linerla har nokre år stor interesse av forhaustarfronten. Men slik er det ikkje i år. Fordi  marihønene skil ut eit illeluktande stoff som fuglane liker dårleg. Den raude fargen varslar fuglane om at dette ikkje er verdens beste føde.

DSC00022

Dette er ei av dei vanlegaste marihønene, den med 7 prikkar. Det finst artar med 5, og med   berre 2 prikkar. Dette biletet er teke i fronten på forhaustaren etter at eg hausta eit gjenlegg med bygg som dekkvekst.

Marihøna er i motsetning til dei fleste andre biller svært "godt likt" av menneska. Den er egentleg eit  grådig insekt som set til livs store mengder bladlus og andre insekt. Dette vert tildels nytta i biologisk bekjemping av skadeinsekt.

Frå gammalt vart det sagt at med ei marihøne på handa kunne ein ynskje seg litt av kvart.

DSC00020

Marie, Marta og Hallvard bekymrar seg lite over alle marihønene dei lempar inn i siloen.

Dei er flygande insekt, men eg har ikkje sett den første ta til vengene frå forhaustarfronten. Studerer ein bileta så ser ein at der er mykje god mat for eit slikt rovinsekt.

Namnet Marihøne kjem visstnok frå Jomfru Maria. Det har vore  vanleg framgjennom tidene å forstille seg at Jomfru Maria var kledd i raud kjole med svarte prikkar.

Billa kler i alle fall "kjolen" så godt at eg har ikkje kjent det minste lyst til å sleppe syrekanna ned på ei einaste av dei!