Det var i ca. klokka 1415 i dag ein lokal kjentmann vart kontakta av John Kåre Flo ved operasjonssentralen v/Sunnmøre politidistrikt.  Spørsmålet var om det var råd å sjå ei kvinne som hadde gått seg fast i Olavsdalen v/Hustad.  Knut Riise var ein av dei som kika etter kvinna, men ho var vanskeleg å sjå frå Sæbøområdet.

P1010032 (Large)

Knut Riise kikar etter kvinna som hadde gått seg fast.

Etter kvart kom både politi og redningsmannskap frå Ørsta Røde Kors Hjelpekorps til Sæbø.  Tre hjelpekorpsmedlemar frå Bondalen tok seg raskt opp til Olavsdalen og fann staden der kvinna stod.  Det synte seg at ho måtte ha hjelp av klatrarar frå PI-gruppa til Ørsta Røde Korps Hjelpekorps.  Tre klatrarar vart så flogne opp i dalen med helikopter og fekk hjelpt kvinna vekk frå staden der ho hadde gått seg fast.

P1010034 (Large)

Det var omtrent i området ved raud pil at kvinna hadde gått seg fast.

Den utanbygdse kvinna i 50 åra gjekk ved eiga hjelp ned til det ventande ambulansehelikopteret som stod nede i Olavdalen.  Derifrå vart ho frakta ned til skuleplassen ved Sæbø skule der redningsaksjonen vart leia ifrå.

Det var lensmannen i Ørsta, Guttorm Hagen, som sjølv var skadestadsleiar og nærast rutinemessig og utan dramatikk vart redningsaksjonen utført.

P1010038 (Large)

Det var lensmann Guttorm Hagen - med vest i midten - som leia aksjonen.  Til venstre ser vi Jarle Steinar Bjørdal, som var leiar for klatrarane.

John Kåre Flo ved Sunnmøre politidistrikt opplyser til hjorundfjord.no at kvinna i 50-åra hadde opplyst på mobiltelefon at ho hadde gått seg innpå eit område der underlaget var glatt.  Ho følte seg for utrygg til å gå frå staden utan hjelp.  Det vart også eit problem at Sunnmøre politidistrikt misste kontakta med kvinna - truleg p.g.a. dårleg mobiltelefondekning.  Difor vart det naudsynt  og først finne staden der ho stod og så kome så nær henne at det kunne opprettast kontakt mellom henne og redningsmannskapet.

Kvinna kom ned utan fysiske skadar ca. klokka 18.

DSC00011

Roar Saure(t.v.) var ein av klatrarane som tok seg ned til kvinna der ho stod fast. Politibetjent Geir Helge Ådneram(t.h.) hadde i dag sin første arbeidsdag som nytilsett poltibetjent ved Ørsta lensmannskontor.

Lensmann Guttorm Hagen ynskjer no i gje ros til både Ørsta Røde Kors Hjelpekorps og Sunnmøre Alpine Redningsgruppe (klatrarane).  Samarbeidet fungerte svært godt og ikkje minst var kommunikasjonen mellom dei gruppene som deltok i redningsasksjonen god.