Same helga som det vart skipa Heimkome-helg i Urkebygda, vart kulturvandringa på Stenes avvikla. Vandringa var eit sjølvstendig arrangement, men samkøyringa førte til god oppslutning ved begge tilstellingane.

norangsfjorden1

Norangsfjorden  sett frå Saksa.  Under det mektige Stålberghornet ligg Stenes-gardane, omlag midt på biletet.

Det møtte møtte 150 og det vart trangt om plassen etter kvart. Stenes ligg på sørsida av Norangsfjorden og det er to gardar, Nilsgarden og Knutegarden, vi finn her. Geit og sau er hovudgrunnlaget for gardsdrifta og det er framleis stor geitmjølkproduksjon i Nilsgarden.

Programmet for Kulturvandringa var samansett slik:

Friluftsgudsteneste ved sokneprest Kåre Øygard, omvising på gardane ved Arvid Stennes og Rune Håndlykken, orientering om gardane si historie og om levemåten ved John K. Stennes.

Hallstein Stennes frå Knutegarden er ivrig fotograf og vi set hit bilete som han  har lånt ut:

Kåre Øygard 

 Sokneprest Kåre Øygard opna tilstellinga og held friluftsgudsteneste

2641

Folk lytta!

2635

Jon N. Stennes lempa stolar det beste han vann!

Det er ikkje så mange fastbuande på Stenes i dag, men her har vi samla ein del Stenesfolk som sprang rundt på gardane og gjekk på skule på Urke for nokre ti-år sidan:

Stennesfolk

Frå v.: Jofrid, Bernt, Elfrid, Arvid, Hallstein, John, Axel, Judit og Harald (Foto:Torbj. Urke)

Men under kulturvandringa kom mange gjester. Vi helsar m.a. på desse:

2627 

Frå v.: Sigfred Sætre frå Emblem, Marit Skylstad Chambers m/ ektefelle frå Kent i England.

Det er triveleg når kjentfolk møtest:

2637

Deborah Stennes  frå Washington i USA var raus med klem til Arne Rønning, oppvaksen på Molaupen. Bror til Arne, Kjell Rønning, blir neste...

2656(2)

John K. Stennes ga ei fyldig orientering om begge gardane som var utarbeid i fellesskap.

I løpet av ei tre timars kulturvandring var arrangementet over. Veret var ikkje etter arrangøren sitt ønskje, men neste år vonar ein på like god oppslutning og finare ver!